Tysdag i totida vart E6 nok ein gong stengt ei periode, medan politi og viltnemnd forsøker å jage rådyr bort frå vegen. Sundag vart trafikken også omdirigert til gamle E6 og stengt ei periode.

Også tysdag morgon hadde politiet fått melding om rådyr innafor viltgjerdet.

- Det er registrert hol i viltgjerdet, og i tillegg har ei grind ved rasteplassen Mellomsdokka stått oppe, fortel Geir Johan Groven ved landbrukskontoret på Vinstra.

Mellomsdokka ligg mellom avkøyringane i Lomoen og Harpefoss.

Landskapsarkitekt hjå statens vegvesen, Silje Myhre Amundsen, stadfester at det er hol i viltgjerdet, og at rådyra kjem seg gjennom på denne staden.

- Det er kreftene i ein flaumstor Laugen, med mykje kvist og brask, som har flerra nettingen av gjerdet, seier Amundsen.

Driftsentreprenør Brenden Maskinservice skal utbetre flaumskada så fort som råd.

- Vi kjem også til å ha ei befaring langs heile viltgjerdet i løpet av dei fyrste dagane, seier Amundsen.