Sesongavslutning i det fri

I morgon onsdag blir det storbandgroove i Kaupangerparken.

Utandørs: Johnny Lønning er ein av fem vokalistar som står på scena utandørs onsdag. Her i sving ved eit tidlegare høve med Fossajazz innandørs.  Foto: Guro Vollen/arkiv

Nyheter

Der skal nemleg Fossajazz halde gratiskonsert, som ei sesongavslutning for storbandet.

I tillegg til det vanlege storbandoppsettet har Fossajazz forsterkningar onsdag.

-  Vi har med fem songarar, tre av dei frå Vinstra vidaregåande skule, i tillegg til Inger Blytt Vestad og Johnny Lønning, seier dirigent Erik Wang, som lovar variasjon i låtutvalget.

- Det blir swing, pop, soul og latinske rytmer å høyre i Kaupangerparken onsdag kveld, seier han.