Kvitfjellpalasset til 14,5 millionar kroner, er 29 gonger dyrare enn den rimelegaste hytta.

Hytta til tidlegare osloordførar Per Ditlev-Simonsen, er nå til sals gjennom meglarfirmaet Privatmegleren i Oslo.

Det er den desidert dyraste hytta på marknaden i Midtdalen akkurat nå.

Annan standard

Til kontrast fins det også eigedommar i andre enden av skalaen, for ein anna type hyttedraum. I Nord-Fron ligg 23 fritidseigedommar til sals i skrivande stund, der kan du finne hytte for 700 000 kroner.

Sør-Fron har eit vidt prisspekter å velje mellom, der er rimelegaste prisantydning 890 000 kroner, medan høgste annonserte ligg på nesten ni millionar kroner.

Ringebu kommune har den største prisdifferansa mellom høgste og lågaste pris i annonserte fritidsbustader. På finn.no låg denne veka 31 fritidseigedommar i Ringebu kommune til sals, og spennet var mellom 14,5 millionar kroner til 500 000 kroner.

I snitt brukt 40 netter

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt syner at den gjennomsnittlege bruken av hytter ligg på cirka 40 overnattingsdøgn, og med eit forbruk på 60 000 kroner i året (2008).

– Det kan, etter ei kvalifisert gjetting, vera eit tal som har auka noko i åra etter undersøkinga vart gjort, seier Eivind Farstad i TØI.

Han legg til grunn at hytter nå både blir bygd med høgare standard og i meir attraktive og lett tilgjengelege område.

– Det er faktorar som tilseier at dei blir meire brukt. Det same er prisen, har ein investert i ei dyrare hytte blir den gjerne brukt meir, seier han.

Hytte 2: Meir beskjeden standard i Skåbu, men så er da også prisen ein annan. På listene vi har sett på er dyraste hytte 29 gonger dyrare enn rimelegaste. skjermbilde frå finn.no

Dei dyrare seinare å omsetja

Ane Steig er eigedomsmeklar i DNB eiendom i Ringebu. Ho kan fortelja at dei dyrare hyttene ikkje er like lette å få seld som dei i lågare prisklasser.

– Vi ser at dei med låg standard kan gå ein del fortare enn dei veldig dyre. Opp til 3,2 milionar kroner går greit, også dei med utedo, seier ho.

Dei fleste som kjøper hytte i Midtdalen fleste vil ha moglegheit til vatn - og litt høgare standard enn utedo, men ein litt høgare lågstandard er veldig populær.

Områdeforskjellar

Kjappast omsetnadstid har hytter på Venabygdsfjellet.

– Dei er er veldig populære. Gålå går litt seinare, men dei er også populære.

Og beliggenheit har alt å seie.

– Om det kjem ei hytte på Venabygdsfjellet til sals med rett beliggenheit, blir den seld med ein gong. Beliggenheit har eigentleg alt å seie, seier Steig.

Dei aller dyraste hyttene er mest utfordrande. Frå fem millionar og oppover er hytta ei investering som tek litt meir tid å lande.

– Gjennomsnittleg omsetningshastigheit i Midtdalen er 122 dagar, seier Steig.

Kvitt: Snø er eit av fortrinna som blir trekt fram i hytteannonsane frå Midtdalen. Og hytter på Venabygdsfjellet er mest lettseld.

Kven kjøper?

Hyttekjøparen i Midtdalen er heilt vanlege folk, mest utanbygds, fortel Steig.

– Dei som har tilknytning her på eit eller anna vis, det ser vi går att. At dei er vand med området frå før, seier ho.

Og området har to særleg gode kort meiner ho, det er snø og og fine turmoglegheiter.

– Er det slik at det går mest hytter til vinterbruk?

– Nei, områda våre er stort sett til heilårsbruk. Kvitfjell kanskje meir på vinterbruk. Folk kjøper hytta for å bruke heile året, meiner Steig.