Laurdag var Klima og miljøminister Ola Elvestuen (V) innom på Fåvang med tilsagn om pengar til forprosjekt i regi av Midt-Gudbrandsdal næringsforening og kommunane i Midtdalen.

Startar måndag

- Summen er ikkje så stor, men det er for å koma i gang med forprosjektet og kanskje få til noko som fleire kan lære av, melloma anna med ein innovativ finansieringsmodell, seier han.

- Vi startar arbeidet måndag, seier dagleg leiar i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Frank Asle Mathisen.

Ideen til ein buss alle gjestar til regionen kan bruke, kjem frå alpane. Studieturen til Werfenweng gav regionrådet, politisk og administrativ leiing i kommunane og næringsforeninga ideen.

Betalt gjennom påslag

Seks land samarbeider om ei ordning der alle varer og tenester får eit påslag, og dette er da øyremerkt til kollektivtilbodet i kvar destinasjon.

- Derfor framstår det som gratis, sjølv om kundane har betalt det allereie. Ringebu kommune har formelt stått som søkjar til midla, men har med både Sør-Fron og Nord-Fron også, i tillegg til oss, fortel Mathisen.

- Har regionen vår nok gjester og omsetnad til at eit slik påslag ikkje blir for stort?

- Det må bli slike ting vi må setja oss ned å rekne på, seier han.

Må redusere

- Vi skal som nasjon redusere vårt klimagassutslepp med 40 prosent innan 2030, og 50 prosent av det skal skje innan transport, og då må også løysinga ein finn vera anten hydrogen, elektrisk eller biogass, slik at det blir klimanøytralt, seier Elvestuen, som kom innom Fåvang laurdag.

Skal ein  til dømes frå tog og fram til hytta, eller frå hytta på Kvitfjell til Venabygdsfjellet for å prøve stisykling, vil ein slik buss  vera bra, meiner Mathisen og fungerande ordførar Kristin Teigen.

Fortrinn fordestinasjonen

- Ringebu kommune har jobba aktivt og systematisk med klima og miljø i mange år, for bærekraft blir noko av det viktigaste for oss i framtida, og vi ser det og som er eit konkurransefortrinn for å vinne klimabevisste turistar, seier Teigen.

Og søknaden til Miljødirektoratet frå kommunen var så pass spesiell at statsråden tok seg tid til å koma innom og helse på.

- Her har ein moglegheit til å utvikle noko som er nytt, eit kollektivsystem i Midtdalen som også andre kan lære av, og som er nytenkande med finansieringa, seier Elvestuen, og seier det blir spennande å følge med prosjektet.

Link her til søknad og tilsagn.