Forskjønninga i Sør-Fron mellom Tveits smie og kommunehuset etter at E6 vart lagt utanom, skulle gje plassen funksjon som eit torg. Laurdag arrangerte Sør-Fron Lions martna rundt den gamle europavegen, og det såg ut til å fungere fint.

- Folk er veldig positive og stiller opp, både dei med buer og dei som har underhaldningsinnslag, seier presidenten i Sør-Fron Lions, Nils Oddvar Hagen, tykkjer det er triveleg at det da også kjem såpass mykje folk.

- Vi ønskjer å gjera dette for å få litt liv her i bygda, så det er gratis med standplass og ikkje noko nokon skal tene på. Berre for bygda, av bygda, seier han.

Sør-Fron Lions er om lag 20 medlemmar. Og i og med at Lions er ein internasjonale organisasjon, nytta ordførar Ole Tvete Muriteigen høvet til å ønskje velkomen på to språk.

- Det har eg alltid gleda meg til å seie; "I hereby declare open", seier han etterpå, og legg til:

- All heider til Lions for å dra i gang noko slik, og folk ser ut til å kose seg.

Av dei som stilte ut var Torill Beate Løkken frå Ringebu. Sying er nesten terapi, seier ho.

- Eg set meg for å sy om eg har ein svart dag. Da kan eg berre halde på, og det hjelper på humøret, seier ho.

Ho har også med hekling og strikking som systre har laga.

I bua ved sidan av heklar Linda Johansen på eit fruktnett; til å ta med i butikken og bruke i frukt- og grønnsakdisken til lausvektsvarer.

- Eg la ut bilde på facebook av eit eg hadde laga torsdag, og fekk åtte bestillingar på litegrann, fortel ho.

Folk vil vera meir bevisste på å redusere plastbruken, meiner ho. Sjølv vil ho heller betale nokre øre ekstra for den ekstra vekta frå fruktnettet, for å sleppe plastpose.