– Det har støtt vore planen å fløtta heim att, men eigentleg lenger fram i tid. Eg kjem jo frå ein kjempespennande jobb i Hunderfossen som salssjef, og har jobba med grupper, event og arrangement. Utruleg spennande å vera del av det eventyret der kvar dag.

– Kva var det som freista deg med jobben ved Fron Badeland?

– Det var nokon som tipsa meg om ei spennande stilling. For meg så lyste det namnet mitt av heile stillinga, så da vart femårsplanen mi på Hunderfossen kassert, ganske fort. Kasta inn ein søknad og håpa det var nå det skulle skje, nå vi skulle flytte oppover og endeleg lande.

– Jobbing har du aldri vore redd for?

– Nei, eg hadde faktisk min fyrste faste jobb - ikkje heiltid altså, men fast jobb, frå eg var 11 år. Da jobba eg på Fotobben. Sidan har eg vel vore utan jobb i to veker. Eg har vore innom mykje forskjellig, men skule vart ikkje min ting. Eg starta på vidaregåande, men det vart meir freistande med utfordringar i jobb og å drive sjølvstendig.

– Du har drive med mykje forskjellig. Kva er ytterpunkta i karriera di da?

– Det må vel vera barnehagejobbing og ølsalg? Eg er framleis skjenkeansvarleg under Dansefestivalen på Sel, der eg har hatt sommarjobb i 15 år. Ellers har eg jobba sjølvstendig med varmeservice, sentralfyr, varmepumper, som også far og bestefar har drivi med lenge. Etter kvart freista det å drive med slik som eg brenn for.

– Kva er det så du brenn for på jobben?

– Utvikling, kreative prosessar, sal. Og eg er glad i folk, og glad i at dei trivs og har det bra. Å vera godt vertskap er viktig. Og det blir viktig i det eg skal drive med her. Når det gjeld Fron Badeland er det mykje vi kan gjera. Mange badeland har sjørøvertema, men så vidt eg veit ingen med vikingtema, og det spela eg inn i intervjurunda. Det kan vi knytte til den lange historia i Sør-Fron.

– Det er ei anna rolle du vil få framover, som medlem i gruppa for tusenårsmarkeringa på Hundorp?

– Ja, nå har eg ikkje møtt i gruppa ennå, men gler meg. Eg er veldig glad i Gudbrandsdalen og interessert i historie og gamle segner og fortelingar. Tusenårsmarkeringa er ein unik måte til å lyfte dette opp i ulike slags markeringar.

– Teater er noko du har drivi mykje med; blir det eit tusenårsspel?

– Eg veit jo ingenting ennå, men eg er heilt for det! Det hadde vore kjempespennande.

– Heile familien blir med oppover, korleis blir det?

– Alle saman gler seg, og spesielt gutungen på ni, som gler seg til å bu på gard. Vi prøver å realitetsorientere han, med at det nok er langt til naboar og leikekamerater, men han gler seg til å bygge sykkelbane og slik.

– De har akkurat rukke å pusse opp eit hus på Lillehammer?

– Ja, vi er straks ferdige med å pusse opp huset slik vi vil ha det, så da flyttar vi. Men det gler vi oss til alle saman.

– Korleis har fyrste smaken på jobben vore?

– Den fyrste dagen fekk eg vera med på visningstur langs Gudbrandsdalsvegen med alle medlemsbedriftene, og det var ein kjempetur! Det er verkeleg eit viktig samarbeid.

– Kva ventar framover?

– Nå gler eg meg til å høyre dei tilsettes erfaringar og tankar, og så skal vi finne ein felles veg saman med dei besøkande på Fron Badeland.