Har fått millionar til prosjekt: Gudbrandsdalen skal teste naturbasert flaumførebygging

Forskarar frå heile Europa kom førre veke til synfaring i Kvam, for å sjå løysingane for flaumsikring i Veikleåa.

Befaring: Forskarar frå Europa i Kvam for å sjå arbeidet NVE har gjort for å sikre bygda mot nye skadeflaumar. Her forklarar NVEs Grete Aalstad konstruksjonen for prosjektleiar Amy Oen.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Synfaringa er ein del av eit EU-finansiert forskings- og innovasjonsprosjekt, Phusicos, med kostnadsramme på omlag 100 millionar kroner. Prosjektet skal jobbe med meir naturbaserte løysingar, for å redusere til dømes flaumskader og andre skader av ekstremvær.

Kva er naturbaserte løysingar

Grønn-blå løysingar, naturbaserte løysingar, naturlege tiltak. Desse omgrepa svirra i lufta under befaringa, men kva betyr det konkret?