Vinstradame er med på nybrotsarbeid innan dyrevelferd: Startar firmaet Norsk dyreomsorg

Norsk dyreomsorg er eit nytt firma i Gudbrandsdalen med fokus på dyrevelferd. Det nye firmaet har som mål å vekse utover heile landet.

Kitty Marie Killi Jevne frå Vinstra er ein av fire som står bak det nye selskapet Norsk dyreomsorg.  Foto: Silje Josten Lien/Arkiv

Nyheter

Måndag vart Norsk dyreomsorg SA lansert på Gammel-Kleppe i Vågå. Bak selskapet står står Einar Lyen frå Heidal, Stein Ivar Skreden frå Otta, Øyvind Holø frå Vågå og Kitty M. Killi Jevne frå Vinstra.
 

Bonde hjelper bonde

Dei fire gründerane har lang erfaring frå landbruk og dyrevelferd. Einar Lyen er småfebonde, Stein Ivar Skreden har arbeidd i Nortura i 24 år, dei sju siste åra som produsentkontakt og rådgjevar, Øyvind Holø er ammeku-produsent og Kitty M. Killi Jevne har eigen dyreklinikk på Vinstra.