Akkurat det er Leon Røen Heide på ni år heilt sikker på.

– Eg gler meg veldig til vi skal på ferietur til Kragrø. Eg gler meg til veslesyster Iben lærer seg å gå, ho blir eitt år i august. Og så gler eg meg til å vere med venne mine, sykle og fiske. Og å sove lenge!

– Men, Leon, veit du kvifor du fekk namnet ditt?

– Eg fekk namnet mitt fordi eg er kalla opp att etter pappa. Han er adoptert frå Colombia, og heitte José Leonidas da han kom til Norge. Mamma og pappa likte namnet Leon godt, og det passa så godt til meg, har dei sagt.

Ut på flogefiske

– Har du noko kallenamn, kanskje?

– Eg blir kalla Leonardo av nokre i klassa. Pappa kallar meg «løva», og farfar kallar meg «stubbé».

– Leon kan kome av «løve», visste du det?

– Ja, eg visste at det tyder løve. Favorittdyra mine er forresten katt og hund.

Sparkar fotball

– Men kva gjer du til dagleg, mon tru?

– Da går eg på Sødorp skule, og nå er eg akkurat ferdig med 4. klasse.

– Og på fritida, da?

– Da sparkar eg mykje fotball. Eg spelar på Vinstra sitt G10 og G11-lag. Eg er glad i å sykle, og å vera med pappa på flogefiske. Men nå om dagen tenkjer eg mykje på alt det artige eg skal finne på i sommarferien!