– Ein blir aldri riktig utlært i dette yrket, veit du. Eg har halde på i snart 40 år, og er ikkje utlært ennå, slår gardbrukar Solberg fast, med eit glimt i auga.

Han sit inne i stova saman med Mohamad, som han har hatt på opplæring dei siste fire vekene. Om han ikkje er utlært, så er bonden borti Ruste svært fornøgd med lærlingen.

– Eg er veldig fornøgd. Eg har snart ikkje noko meir eg kan lære bort. Mohamad har hatt ansvaret for kveldsstellet, og både morgon og kveld i helgene. Nå sender eg han i fjøset åleine, det seier mykje, fortel Solberg.

- Det viktige for meg var å ikkje måtte få pengar frå NAV. Eg har lyst til å arbeide, seier Mohamad. Foto: Tone Sidsel Sanden

Skal lite til

Det var heilt tilfeldig at Mohamad, som eigentleg er frå Syria, hamna hos Solberg. Han har i fleire omgangar prøvd å finne seg ein jobb, samstundes som han går på norskopplæring.

– Det var naboen min borti Sødorp som foreslo at eg kanskje kunne få arbeid på gard. Ho gjekk på avløysarkontoret for å høyre, fortel han.

Og i desse tider var også Hans Petter innom, og han fekk høyre om Mohamad.

– Eg tenkte at han kan berre få kome til meg for å lære. Når ein er 28 år, er det kanskje ikkje nok å berre sitte på skulen, dei fleste ønskjer å arbeide også. Det skal lite til for at ein er med å bidreg litt, meiner Solberg.

Blir godt kjent

Som sagt så gjort: Nokre dagar etter var Mohamad på plass. Og arbeidet trivst han svært godt med, fortel han.

– Eg likar godt å arbeide på gard, her er det varierte oppgåver. Det viktige for meg er å ikkje hamne på NAV, men å få meg jobb, seier han på godt norsk.

Syraren har vore i Norge sidan hausten 2015. Nå bur han, kona og dei to små gutane på Vinstra.

Etter at han nå er ferdig med opplæring, har Mohamad fått arbeid som medhjelpar til landbruksvikaren i sommar.

– Det er fint for meg å kome rundt til fleire stader, slik at eg blir kjent her, seier han.

Det å få reise rundt til ulike gardar, er positivt, meiner Mohamad. Foto: Tone Sidsel Sanden

Avløysarmangel

Men det er ikkje berre for den ferske avløysaren det gir positive ringverknadar. For det er stor mangel på avløysarar i Midtdalen.

– Ja, det er ikkje enkelt å få tak i avløysarar, bekrefter dagleg leiar i Fron avløysarlag, Randi Karenstuen.

– Som eksempel lyste eg ut stilling nå, utan å få noko respons. Så da Mohamad nærast kom dalande inn til oss, ville vi gje han ein sjanse, seier ho.

Og slik ho ser det, har 28-åringen teke godt vare på den. Karenstuen fortel at Solberg har levert ei god attest, som Mohamad kan ta med deg vidare.

– Nå skal han vere med landbruksvikaren ei stund, men etterkvart vil han få prøve seg på eigenhand. Så vil det kanskje ta litt tid å kome seg inn på «marknaden», seier Karenstuen.

Snille dyr: Dyra i Norge er snille, meiner Mohamad, som får støtte på dette frå Hans Petter. – Her i landet har vi helsekort på alle hodyr. Difor får vi kvalitetsdyr, forklarar han.

Likar alt

– Men behov for avløysarar er det?

– Ja, det er behov. Vi klarer stort sett å hjelpe alle som treng det, men nokre gonger er det ein vanskeleg kabal. Vi har rundt 12-13 faste tilsette, men mange fleire på lønningslista. Vi er ei stor bedrift, men likevel er det vanskeleg å få dekt behov for hjelp, forklarar ho.

– Kvifor er det vanskeleg å få fleire til å bli avløysarar?

– Dei har ei spesiell arbeidstid, med tidlig morgon og sein kveld. Mange finn det vanskeleg å kombinere med små barn, seier ho, og legg til:

– Det var viktig for oss å la Mohamad få prøve seg, og det ser ut til å gje positivt resultat. Det var flott at Hans Petter tok på seg opplæringa, heilt gratis.

Og Mohamad er glad for sjansen han har fått.

– Eg likar alt ved dette yrket. Det varierte arbeidet og stellet med dyra, gjer at eg trivst godt, avsluttar han.

Ein blir aldri heilt utlærd som bonde, meiner Hans Petter, men han gir mykje skryt til Mohamad for alt han har lært seg på dei vekene han har vore på garden. Foto: Tone Sidsel Sanden