I «Søsterklokkene» møter vi atten år gamle Astrid Hekne, presten Kai Schweigaard og ein tysk arkitekt i eit drama som spinn rundt ei fiktiv stavkyrkje i ein fiktiv avkrok av Fåvang.

Arbeidet med den nye romanen starta da Mytting satt og såg gjennom gamle fotoalbum med svartkvitbilde av gardar i heimbygda.

– Her var desse låge tømmerhusa, steinrøysene samla med handmakt, testament om årevis med arbeid. Det gjorde meg nysgjerrig. Eg byrja å angre på at eg ikkje hørte betre etter når gamle folk snakka om gamledagar, seier Mytting.

Forteljartradisjonen

Den muntlege forteljinga opptek fåvangforfattaren. Historietradisjonen som framleis er levande i Gudbrandsdalen er utgangspunktet for forteljinga hans. Segna om søsterklokkene og Heknesystrene fann han hos Ivar Kleiven. Sjølv om han etterkvart innsåg at historia var ei blanding av sant og usant.

– Eg fann ut gjennom arkivstudiar at segnet var samansett av minst fem ulike muntlege forteljingar. Så har desse vorte gjenfortalt og spissa gjennom 200 år. Og det er akkurat det ein romanforfattar au driv med, seier Lars Mytting og dreg opp eit førehandseksemplar av «Søsterklokkene» frå den godt brukte brune skinnveska ved sidan av seg.

Under skuggen av parasollen utafor Fåvangkroa tek han oss med 150 år bakover i tid.

– Du kjem inn i eit Norge som med våre augo nesten er science fiction, seier Mytting.

Reisa: Under skuggen av parasollen utafor Fåvangkroa tek Lars Mytting oss med 150 år bakover i tid. Foto: Bjørn Sletten

Det harde slitet

Han snakkar om det harde slitet. Mangelen på medisinar. Låke klede. Tida før olje, rikdom, likskap og velferdsstat. For sjølv om Mytting insisterer på at han fyrst og fremst skriv berre for å fortelja ei god historie, ligg dette han på hjartet.

– I vår tid har vi så lett for å gløyme trælet, at vilkåra var så forskjellige. Det står jo så bra til – i alle fall materielt sett. Eg har lyst til å minne om korleis det såg ut for våre oldeforeldre – vår nære historie, seier Mytting og legg til:

– Karakterane i «Søsterklokkene» lever i eit hardt og stritt landskap, men midt i tuberkulosen og tannverken går folk berre på. Dølane har alltid hatt sjølvopphaldelsesdrift og humor.

Med to braksuksessar i bagasjen, «Hel ved» og «Svøm med dem som drukner», må Lars Mytting tåle ein god del forventningar.

Men han tilpassar seg ikkje marknaden og fell hen til formelskriving – ein må utfordre seg sjølv, seier Mytting, som med «Søsterklokkene» for fyrste gong har skrivi ein historisk roman og for fyrste gong har ei jente som hovudperson.

Ultralokalt

Og når Norge og verda endeleg har vorte kjend med Lars Mytting, dreg han dei like godt med inn i den mest lokale boka si til nå.

– Det har eigentleg vore noko av det som har bekymra meg mest. I starten tenkte eg at dette ville bli uforståeleg utafor Ringstadkiosken og Fryatun, ler Mytting.

Det var forleggaren hans i England som fekk han til å få att trua.

– Han sa at folk er interesserte i det snevre blikket.

Her er «oss» i staden for vi. Sume av karakterane er «joppete». Andre får eit og anna «fikt». Samtidig møter vi ein konservativ språktone, tidsriktig for seint attenhundretal.

Og karakterane?

– Ja, dei har det stritt, men bøyer aldri av. Eg har faktisk planar om ei fortsetjing. Og det er det fyrste gong eg kan seie, avsluttar Mytting.

«Søsterklokkene» kjem i bokhandelen i slutten av august.

Under skuggen av parasollen utafor Fåvangkroa tek Lars Mytting oss med 150 år bakover i tid. Foto: Bjørn Sletten