Kvamsdame står bak ny norsk akevitt: I haust kjem Gudbrandsdalsakevitten på borda

I september får heile Gudbrandsdalen sin eigen akevitt på bordet. Takka vere Hanne Britt Jacobsen.

Ny norks akevitt: Hanne Britt Jacobsen er sprekkeferdig av stoltheit! Snart kjem Gudbrandsdalsakevitten for sal, etter ein idé frå henne. – Vi har smaka oss fram til det vi meiner er ein skikkeleg god akevitt, med furuskot frå Kvamsfjellet, fortel Jacobsen. Foto: Hanne Britt Jacobsen. 

Damer i frå Kvam sanitetslag reiste innpå Kvamsfjellet for å plukke furuskot.

Hanne Britt Jacobsen
Nyheter

For det var ho som i i fjor fekk ideen til å lage ein lokal akevitt. Og dama frå Kvam veit kva ho snakkar om, for gjennom fleire år har ho hatt stor interesse for akevitt og har halde mange foredrag om drikken.

– Eg nærast slengte ut ideen ein dag vi satt og prata, og dette tente Fredrik Weikle momentant på. Dette må vi få til!, sa han. Dermed starta vi å planlegge, fortel Jacobsen.