Det er bestemt, kunstverket blir sett opp att. 15. juni neste år skal det stå ferdig, på same plass som sist, midt i Kvam, i parkområdet, som nå skal rustas opp.

– Kunsten ga Kvam ein enorm publisitet, og den skapte eit stort engasjement - på godt og vond. Dette kan vi ikkje la gå i frå oss, men heller tenkje at dette vil bli positivt for bygda, seier Anne Gunn Brendstuen, som er ein av tre som sit i gruppa som har ansvaret for kunsten, i prosjektet «Kvam på kartet».

Kjem attende: Kunstnarane i gruppa FFB, med Joar Nango (t.v.) og Håvard Arnhoff kjem til Kvam laurdag. Her på befaringa før kunstprosjektet, saman med Ole Kristian Rudland og Ingvild Selfors. Foto: Tone Sidsel Sanden/Arkiv

Planlegg kunststi

Og bygda vil også bygge bru og skape god dialog mellom kunstnarane gruppa FFB med Joar Nango i spissen. Laurdag ber dei inn til kunstkafé Gammelbua, med besøk av kunsnarane, samt av den lokale kunstnaren Vigdis Holen.

– Det var så mange reaksjonar på kunstverket til FFB. Nå kan ein møte opp og få høyre meir om planane, og også kunne stille spørsmål. Dette vil vi skal ende opp i noko bygda kan vere stolte av, seier Brendstuen.

Kunststaden: Kunstverket skal settast opp på same plassen som tidlegare. I juni neste år skal den stå klar. Foto: Tone Sidsel Sanden

«Kvam på kartet»

Også Oppland fylkeskommune er med på å arrangere denne seansen. Og grunnen til at Vigdis Holen er med?

– Vi planlegg meir arbeid med kunst i bygda. Vi ønskjer å lage ein kunststi, der ein kan møte på kunst av ulik karakter. Holen er ein godt kjent kunstnar frå Kvam. Vi håpar å få ho med oss i desse planane, seier Brendstuen.

– Vi skal bli kunstbygda, slår ho fast.

Det er etter ein idé gjennom prosjektet «Kvam på kartet» at dette kom på bordet.

– Vi treng å gjere alt for at folk skal trivast i bygda, og at folk vil stoppe på hos oss. Å få kunstverket på plass, saman med ein kunststi, trur vi vil bli bra, meiner Brendstuen.

Kvelden laurdag vert avslutta med grilling og sosialt lag på Sinclair.