Musikalsk stunt: Mukampen skal til topps med helikopter

Spelemannsgruppa Mukampen planlegg å spele på toppen av, ja, nettopp - Mukampen, i sommar.

Spelemannsstunt: Mukampen planlegg å halde konsert på toppen av Mukampen 18.august. Eit helikopter skal frakte dei eldste i gruppa heilt opp.   Foto: Tone Sidsel Sanden/arkiv

Nyheter

– Vi har eigentleg prata på det lenge, at vi skulle ta denne turen. Vi gjorde eit forsøk for to år sidan, men vart stoppa av vêret, fortel musikalsk leiar, Roger Slåstuen.


Gjør klart for vendereis til sagaøya

Gunnar Johannesson visste lite om hva som venta, da han flytta til Ringebu for å vikariere som prest. Fire år seinere repeteres prosessen.

 

Mat og svingom

I ausgust gjer dei eit nytt forsøk. Og denne gongen har dei fått hjelp av eit helikopterselskap også.

– Det har seg slik at vi har nokre som byrjar å dra litt på åra i Mukampen. Vi har lyst til å ha med oss alle opp, difor har vi fått med oss eit helikopter, som elles er i trafikk i området på grunn av byggeaktivitet, til å bistå. Dei vil frakte dei eldste medlemmane, samt instrument og mat opp til toppen. Vi andre ruslar opp, seier Slåstuen. På toppen er det planar om å halde ein liten minikonsert, der folk også kan kose seg med litt mat og drikke.

– Kanskje kan ein ta seg ein svingom også, seier han.

For dansarane, mellom 20 og 30 i talet, skal også vere på turen.

– Vi synes dette blir eit litt artig stunt og håpar vi kan få det til. Vi skal få endeleg avklaring frå helikopteret eit par veker før, for skjer det noko, må dette brukast til andre ting. Men vi håpar at dette nå går i orden. Turen skal i alle fall passe for alle, både store og små, seier Slåstuen.

Turen skal gå 18. august, er planen.


Countryrockbandet Too Far Gone donerte bort elgitar

Bandet mottok rundt 20 forslag til hvem i lokalmiljøet som skulle få elgitaren av typen Morgan.