Eldar Nilsen er busett i Oslo, men er opprinneleg frå Vinstra. Og han er i grunnen godt fornøgd med namnet sitt. For i motsetning til søstrene Brit, Torill og Randi, fekk han eit nokså sjeldan namn.

– Ja, eg veit faktisk ikkje om noko andre frå Vinstra som heiter det. Men når ein heiter Nilsen til etternamn, er det greit å ha eit sjeldan fornamn. Eg hugsar mor sa at foreldra mine vurderte å kalle meg Jo.

– Men har du hatt noko kallenamn?

– Nei, eg har eigentleg ikkje det. Men eg hugsar eg av og til vart kalla for Eldus på fotballbana.

– Eit brasiliansk tilnamn der, altså?

– Tja, eg var nå nokså god. Da eg var aktiv var alltid avisa til stades for å skrive om kampane, og eg hugsar spesielt ein kamp der eg spela godt, og lokalavisa var på plass. I kampreferatet etter på, hadde eg jammen vorte til Lille Edgar Bakken! Eg var litt liten av vekst, men lell da. Og litt harmeleg var det, sidan eg eg hadde vore god.

Nokre misforståingar

– Så nokre kallenamn vart det likevel, på ein måte?

– Det har i alle fall vore nokre misforståingar, som ein gong eg skulle introduserast som dirigent. Fyrst vart det sagt Eldar Hansen, som var ein kjent fotballsparkar, så vart det retta til Eldar Hagen, som var namnet på ein som dreiv ei stor sportsforretning i Oslo, før det ved tredje forsøk vart rett. Det var litt komisk.

– Men kva gjer du på nå, Eldar, etter at du pensjonerte deg som gardemusikkdirigent i vinter?

– Akkurat nå er eg i Sverige, i Järvsö, Lill Babs si heimbygd. Her er vi på kona sin stad kvar sommar. Elles tek eg det med ro, har eit år der eg kviler mest mogleg. Ein treng å få att pusten litt. Men elles tek eg på meg frilansoppdrag.

- Og tek du turen heim att til Vinstra i sommar?

- Ja, dette blir ein tradisjonell sommar, det, der vi har halve ferien i Sverige og resten på hytta ved Avstjønna på Sødorpfjellet.