Jacqueline og Christian Hosmann er busett i Bern i Sveits, eit land med fjell og turområde så det monnar, for ikkje å gløyme fleire pilegrimsruter i nærleiken. Men dei ynskja å reise til Noreg, og dei var ikkje i tvil om kva dei vill gjere når dei kom hit.

– Folk er så trivelege

– Vi såg ein dokumentar om denne ruta for lenge sidan og så har eg ein norsk ven som eg har utveksla tips og info frå heimlandet med, seier Christian.

Dei fortel at tempoet undervegs gir god moglegheit til å roe ned hovudet, meditere litt og ta inn detaljar langs vegen.

–Det er jo nærmast ein skatt dette, ein får sjå store variasjonar i natur, terreng og dyreliv. For ikkje å gløyme bygningane! utbrytar arkitekten Jaqueline entusiastisk.

Dei starta vandringa på Jessheim. Jacqueline har to veker ferie, mens Christian skal opphalde nok ei veke i Noreg. Ho tek så toget frå Vinstra til Trondheim, medan han går vidare nordover dalen, med Oppdal eller Berkåk som destinasjon.

– Vi liker å prate med lokalbefolkninga langsmed ruta. Folk er så trivelege; dei helsar, spør om vi vil ha vatten eller is og pratar med oss.

Auke kvart år sidan 2010

At pilegrimane møter gjestfridom kan leiar ved pilegrimssenteret, Per Gunnar Hagelien, skrive under på.

– Eg har prata med mange som seier det same, dei er overraska over kor gjestfrie folk er.

Så langt i sommar har talet på besøkande auka med åtte prosent, per 15. juli hadde 253 pilegrimar vore innom.

– Dei fleste går ei til to veker om gangen. Ein del går også forbi oss, og stoppar så på Sygard Grytting.

Trur trenden vil fortsette

Kvar sommar sidan 2010 har det vore ei auke i talet på pilegrimar.

– 2016 var eit toppår, med 46 prosent auke. Dei fleste av pilegrimane er utlendingar, mange frå Tyskland, fortel Hagelien.

Han trur sommaren vil fortsette i omtrent same stil.

– Eg trur at auka kjem av at leia blir meir og meir kjent utanlands. Med knallvær og låg kronekurs, pluss at Noreg er eit sikkert land, så trur eg at denne trenden vil fortsette framover.

Leiar ved pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands Gard, Per Gunnar Hagelien, får stadig fleire pilegrimar på besøk. Foto: Silje Josten Lien
Dei som tek turen innom skriv gjerne ei helsing i denne boka, mange land er representert. Foto: Silje Josten Lien