Torstein frå Kvam, er ein ivrig friluftsmann, som er ekstra glad i både jakt og fisk. Mange sommardagar brukar han langs elva med fiskestong.

– Eg har teke mange fiskar på rundt halvkiloen, men aldri ein så stor ein som denne, seier Torstein, berre nokre minutt etter at storfisken beit på.

Litt stolt har ein lov til å ver, når ein heilt åleine klarer å dra storfisken på land. Foto: Geir Milsteinhaugen

Adrenalin

– Fisken tok eg på ein helt ny sluk, som eg fekk anbefalt på butikken. Og så var det faktisk ikkje heilt enkelt å få den opp på land, seier han.

For 15-åringen var åleine, da det nappa i snøret.

–Fyrst trudde eg at eg hadde sett snøret fast i ein stein, eller noko, men så kjende eg fort at det måtte vera fisk. Den drog ut ein del snøre, så det var ikkje lett, men etter mellom fem og sju minutt, fekk eg den på land, fortel han.

Og litt adrenalin fekk han i kroppen av fiskelukka, innrømmer han.

– Det er det eg likar med å fiske. Og sjå fisken som hoppar og håpe på at den skal bite på. Og i dag hadde eg fiskelukka med meg, seier den unge fiskaren.