Avdelingsleiar for plan og byggesak bygde på setra utan løyve

Avdelingsleiar Hanne Hvattum fekk beskjed om at saka måtte opp i nasjonalparkstyret før ho eventuelt kunne bygge på setra. Utan denne løyva, vart påbygget likevel oppført hausten 2017.

Frydalen: Miljødirektoratet gjer endeleg vedtak, om nasjonalparkstyret held på sitt vedtak. Alle papir i denne saka er offentelege og ligg på nasjonalparkstyret sine heimesider.   Foto: Tor Larsen.

Nyheter

Saka skriv seg attende til 2016, da Hvattum søkte om å få bygge på inngangspartiet på setra, som ligg i Frydalen landskapsvernområde. Løyve vart den gongen gitt frå både Nord-Fron kommune og frå Rondane-Dovre nasjonalparkstyret. Så mottok sekretariatet i nasjonalparkstyre ein e-post frå Hvattum 15. juni 2017, med beskjed om at etter befaring på setra, var det ønskjeleg med ei anna utforming på tilbygget. Nasjonalparkforvaltar tok saka til Oppland fylkeskommune for å få ei byggefagleg vurdering. Dei svara at det nye bygget vil utgjere vesentleg endring, og at saka måtte behandlast på nytt. Dette får Hvattum, beskjed om av nasjonalparkforvaltar. Ho svarer på dette og sender ein søknad med endringane som er skissert. I mellomtida søkjer ho kommunen om ny løyve, og får den innvilga.


Det handler om å ha folkets tillit

Vi trenger et lokalsamfunn som er bygd på redelighet og tillit til offentlige organ.

 

Åtte mot tre stemmer

Saka skulle så eigentleg opp til behandling i nasjonalparkstyret i september, men kom ikkje opp til styrebehandling før i juni i år. Dette har sekretariatet teke sjølkritikk på.