For i sommar har Nord-Fron bibliotek arrangert årets Sommarles, ei sommarlesekampanje, der barna registrerer alle bøkene dei les i sommar.

- Ja, det har vore liv og røre på biblioteket i sommar, slår Mette Hattestad fast.

130 barn er registert i kampanjen, og desse barna har lest haugevis av bøker, fortel Hattestad.

- Sommarles varer frå 1. juni og ut august, og er ei digital lesekampanje, som skal bidra til å skape leselyst. Alle elevar fra 1. til 7. klasse kan delta. På nettsida registrerer barna bøkene dei les, dei får lesetips, tilgang til ei spesialskrive forteljing, som dei også får quiz om, seier ho.

Mette Hattestad gler seg over at så mange barn vel å legge turen innom biblioteket i sommar. I september vert det avslutning på årets Sommarles. Foto: Privat

Går opp i "level"

Sommarles er for alle, foriskrar Hattestad.

- Det er både for superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar, men også for dei som treng litt hjelp, eller berre er i ferd med å lære seg å lese. Da kan ein bli lest for, eller lytte på lydbøker, fortel bibliotekaren.

To av dei som deltek på årets Sommarles er Tord Nitter Ellefsrud på 10 år og Sigrid Nitter Ellefsrud på 8 år. Dei er ofte innom biblioteket og lånar bøker.

- Sommarles er morosamt. Det beste er å lese og å registrere bøker for å samle poeng. Da kan vi gå opp i "level", og så hente premiar på biblioteket, fortel dei.

Blir premiert

For ettersom bøkene vert registrert inne på nettsida, kan ein også få løn for innsatsen ved eit digitalt trofé. Ein får også kule, fysiske premiar.

- Vi vil avslutte Sommarles med Magisk trylleshow på biblioteket 4. september, seier Hattestad.

- Da er alle sommarlesarar velkomne, og det blir trekking av gavekort, legg ho til.

Sommarles er utvikla av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og Snuti. Telemark fylkesbibliotek har bidrege til kampanja for i år.