Det er stiftinga Peer Gynt som deler ut frivilligprisen Vehl-Per. Mange framlegg hadde nått stiftingsstyret, og mange hadde peikt på ekteparet Øien som kandidatar til årets Vehl-Per.

Dei to har båe vore engasjert i mange år, og deira ukuelege pågangsmot bak scena ved Gålåvatnet har vorte lagt merke til.

- Dei er løysingsorienterte, og manglar det ein rekvisitt, låner dei gjerne ut av egne saker og ting, kunne nestleiar for stiftinga Peer Gynt, Ole Tvete Muriteigen fortelja, da han kunngjorde årets Vehl-Per, til ståande applaus frå dei frivillige på låven som har reist seg utanfor teaterarenaen i sommar.

Via vaffelbua

- Det starta med at ei av jentene vart med, fortel Cathrine. -Så da gjekk eg frå barnevakt via vaffelbua til rekvisittar.

Der vart det stadig oftare bruk for hjelp også frå ektemannen Jan Roger, og etter kvart var båe inne i "den Gyntske ætt", som dagleg leiar for Peer Gynt AS, Marit Lien, snakka om i velkomsten til dei frivillige.

- Men det er Cathrine som har vore med lengst, og i år er det vel eigentleg berre ho, seier Jan Roger.

- Å, du blir vel med du også når det nærmar seg, seier ho.

- Det har seg slik at vi har for mykje plass og mange hus, så da blir det mange ting, seier han.

Heimelaga, stort og smått

Rekvisittar har stadig funne vegen frå heimen og inn på scenen ved Gålåvatnet. Og det dei ikkje har, har dei gjerne laga.

Alt frå lastebil til børse - og kvegdrivarpisk har dei bidrege med. Pisken måtte Jan Roger jamvel lage sjøl. Og den vart heller ikkje brukt ...

- Nei, det hender det er spurlag etter ting, og så skaffar vi det, men så er det ikkje alltid at det blir med likevel, fortel Cathrine.

- Men pisken eg laga heng heime, fortel Jan Roger.

Den vart erstatta av ein bjørkekvist på scenen.

- Viktig med lokale vaksne også

At dei er med år etter år handlar om dugnad og lokaltilhøyrsle. Å ofre dei fleste ferievekene ved fjellvatnet på Gålå tykkjer dei er viktig, også fordi den lokale tilhøyrsla gjer det lettare å skaffe ting.

- For rekvisittgruppa sin del er vi nesten avhengige av at det er med lokale folk, som har eit nettverk og kjenner til kven som kan ha det eine eller andre, eller veit kven dei kan spørje, seier Cathrine.

- Det er veldig bra at mange frå andre stader er med også, og alle ungdommane som er med, men at vaksne lokale folk er med kan vera ei utfordring framover, meiner Jan Roger.

- Kanskje kan det gå an å få til meir fleiksible ordningar for folk som ønskjer å bidra, slik at ein ikkje treng å bruke så mykje tid, seier dei.

I alle tilfelle er dei samde om at det er veldig artig å sjå, når det ein har vore med på å få til, fungerer.

Dei viktige frivillige

Vehl-Per prisen går kvart år til ein frivillig i Peer Gynt AS, som har gjort seg spesielt bemerka. Vinneren blir heidra av både profesjonelle og andre frivillige aktørar i eit uhøgtideleg arrangement (konsert) som er ope for alle. I år skjer det i Palmerhagen på Vinstra, 11. august.

På det meste er 300 frivillige med under Peer Gynt. I følge Marit Lien leverer dei 32 000 dugnadstimar.

- I familien Gynt tek vi vare på kvarandre, vi gjev av oss sjølve og får dobbelt attende. Vi er ikkje "selvets keiser", en ein del av den Gyntske ætt, sa ho til dei frivillige på Gålå måndag.

Også ny kunstnarisk leiar, Ellen Horn, minna dei frivillige om eit par ting. Horn var sjølv å finne på scena gjennom 11 år, sommor Åse. Horn tek over etter Iren Reppen, som var ferdig 1. juli.

- Peer Gynt på Gålå er dykkar verk! Det hadde ikkje vore nok Peer Gynt her utan dykk. Eg brukar å seie at det trengs folk som finn på og folk som passar på, for å få balanse i eit hus. Dykk både finn på og passar på, og det vil eg at de skal halde fram med, oppmoda Horn.