Tørkesommaren held fram

Vatningslag får utvida løyve

Det turre sommaren gjer at vasstanden på Søre Åbborsjøen, der vatningslaget har tilførsel frå, allereie nærmar seg lågaste tilletne nivå, etter veker med vatning.

Vatning: Kjønås vatningslag reknar med å ha vatning til ytterlegare 20-25 dagar, med løyve til å senke Søre Åbborsjøen 40 centimeter meir enn løyvet dei har frå før tilseier.  Foto: Tor Larsen/illustrasjonsbilde

Nyheter

Kjønås vatningslag har derfor søkt fylkesmannen, og fått løyve, til å senke sjøen med ytterlegare 40 centimeter, under føresetnader at vatninga skjer mellom klokka 21 og 09, og at ein sørger for vatn til dyr på beite, skriv fylkesmannen i svarbrevet frå 13. juli.


Må sende dyra til slakting for å forlenge beitet: - Vi må snart reise hjem og begynne på vinterfôret

Det ekstremt tørre og varme været fører til mangel på fôr til buskapen på gårdene i Brekkom på Fåvang. Mange beiteområder er brunsvidde og bekkene tørker inn.


Ikkje utsikter til betring

Vatningslaget opplyser i søknaden at dei etter den langvarige turka i sommar, nærmar seg nedre grense for reguleringa dei har ekspropriasjonsløyve til, som er 70 centimeter.