Ainne, Einne og Annemor

Anne Holsbrekken har fleire namnesystre enn dei aller fleste. Nesten 12 000 har Anne som einaste fornamn, av over 60 000 som har det som fyrste førenamn.

  Foto: Privat

Nyheter
– Du har aldri vore aleine om namnet ditt?

– Nei, vi var mange jamnaldringar som heitte Anne, men mange har meir enn eitt førenamn.

– Veit du noko om korleis du fekk namnet ditt?

– Ikkje mykje, men det var veldig populært den tida. Og så veit eg det var snakk om at det sto mellom Anne og Kari, der Kari var ei oppattkalling etter oldemor mi.