- Kyrkja er tidsvitne i spennet frå middelalder til i dag

Historia om stavkyrkjene handlar ikkje berre om bygningsvern, og Lars V. Tvete kan bli både høgtidsstemt og audmjuk i møte med det lange tidsspennet og tanken på alt som har skjedd med menneska omkring kyrkja frå middelalderen og fram til i dag.

Tidsvitne: Ringebu stavkyrkje har stått her sidan 1210-20-talet.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Sola steiker over Prestegarden i Ringebu. Her trur ein prestar har vore busett sidan kyrkjestaden oppsto, og da snakkar vi om så tidleg som på 1100-talet. Den fyrste stolpekyrkja det er spor etter, stammar frå 1100-talet.

Stadig noko nytt

Slike lange tidsspenn og stader med historie fascinerer den tidlegare hotelldirektøren frå Venabygsfjellet.