Denne veka kjem 25 ungdommer saman på Sygard Listad, for å øve til konsert med musikk mellom anna frå Peer Gynt suita, på Gålå søndag. Vi møter dei på Røsslyngstua ei veke før. Landstrykerne heiter orkesteret, og Sofie Vargeid (13), Ragnhild Bjerke Bjormyr (16) og Inga Bjerke Bjormyr (14) er tre av fem midtdalsstrykarar som er med, på høvesvis cello, kontrabass og bratsj. Kari Guttu og Sigve Moshagen er også med.

- Det er kjempemoro, vi blir betre kjent med folk frå andre stader og får spela saman med andre ungdommar, og ikkje berre med eldre folk, seier Ragnhild Bjerke Bjormyr.

Fleire samlingar i året

Ho har vore med i strykeorkesteret for ungdom i tre år. Orkesteret møtes på to-tre samlingar som denne kvart år, og for fyrste gong er samlinga lagt til Midtdalen.

Sofie Vargeid er cellisten av dei tre, og yngst med sine 13 år. Både ho og Inga går til timar hjå Ilona Szücs i kulturskulen, medan Ragnhild sin kontrabasslærar er så langt unna som Nittedal.

- Det blir øvingar på skype, og så reiser vi ein gong i månaden innover dit, fortel ho.

- Men mamma gjer jo alt for musikken, da, legg Inga til.

Tidleg start

Mamma er Liv Bjerke, sjølv musiserer ho mest i korps, der jentene også er med. Sofie Vargeid har også med mor, Grete Vargeid. Ho er lærar ved musikklina på Vinstra, og fleire av orkestermedlemmane har nok også med meir enn gjennomsnittleg musikalsk bagasje frå heime.

- Er det foreldra som øver eit mildt press her?

- Det er vel ikkje til å stikke under stol at foreldra kanskje har vore ekstra støttande. For å ha moglegheit til å bli god på strykeinstrument må ein også starte tidleg, seier Liv Bjerke.

Og det at ungdommane tykkjer det er artig synes. Det har etter kvart vorte eit miljø for stykarar i Midtdalen, med Midt-Gudbrandsdal orkester under leiing av Ilona Szücs. Der er dei unge med. Inga starta med fiolin da ha var seks år, og gjekk over på bratsj når ho vart 12 år, så ho har hatt ei pause frå dette orkesteret.

- I sommar har eg ikkje bratsjen eg har lånt, fordi han som eig den hadde bruk for han sjølv. Men mamma har lova meg ny. Og når eg prøvde fiolinen att, så kjenner eg at eg saknar bratsjen, seier ho.

I fjoset

Ragnhild og systera Inga får merke samlinga tett på, for dei 25 ungdommane blir nemleg innlosjert på garden heime i Sør-Fron. Øvingane skal finne stad i lokale dei har fått stelt i stand i fjøset.

- Det blir nok trongt heime, konstaterer Inga, men legg til at ho gler seg, for alle er så koselege og dessutan er det ingen av gutane som "saggar" buksene. Berre det, er i hennar bok eit stort pluss, skjønar vi.

Alle tre er samde i at det er moro, og ein annan og lærerik måte å øve på, saman med orkester. Og det er til saman om lag tredve like engasjerte ungdommar med i Landstrykerne, med same interessa. Å møtes styrkar miljøet.

- Samspel er veldig viktig, til vanleg øver vi mest for oss sjølve, med solostykkje. Dette blir annleis fordi vi må øve saman. Og så er det spennande korleis det blir, når alle har øvd på sin måte før dei kjem, seier Ragnhild.

I tillegg til øvingar skal det visst både bli rom for teaterframsyning på Gålå og tur til Fronsbadet.

Mor Liv Bjerke gler seg til å få huset fullt av ungdommar frå 13 til 20 år.

- Det bekymrar meg ikkje i det heile! Det er så flotte ungdommar, så dette blir berre stas, seier ho.