Omvisarar i Ringebu stavkyrkje:

Fleirspråkleg sommarjobb i våpenhuset

For Ymke er det opplæring og fyrste året, medan Fredrik og Martin er inne i høvesvis sjette og åttande sesong som guidar i stavkyrkja.

Formidlar: Ymke Masurel, Martin Tømterud og Fredrik Moen er guidar i Ringebu stavkyrkje.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Turistane som kjem til Ringebu stavkyrkje kan få omvisning på norsk, engelsk, tysk, spansk, fransk og nederlandsk. Mellom seg meistrar dei tre guidane vi snakkar med, alle desse, utanom fransk.

- Ein får att mykje i form av språk og formidlingsevne, meiner Martin Tømterud, som er inne i sin åttande sesong som guide.