I følge NRK har israelsk marine nå stadfesta at dei har teke kontroll over båten. Båten, som er del av ein internasjonal flåte i ein protestaksjon mot israelsk blokade av Gaza, vart borda i internasjonalt farvatn. Norsk UD har bede Israel gjera greie for grunnlaget for bordinga.

Med på skipet som kokk

Jan Petter Hammervold, som budde fleire år på Vinstra og også var kommunestyremedlem i Nord-Fron, har mønstra på skipet som kokk. Han delte denne meldinga på facebooksida si for fem dagar sidan:

Kamerater - før vi mister muligheten for telekommunikasjon og nett, her kommer en siste oppdatering fra det norske skipet Kårstein (Al Awda) som seiler for å bryte den folkerettsstridige blokaden av Gaza:Ombord er 22 menneskerettighetsaktivister fra hele verden, deriblant en norsk delegat, og 4 nordmenn + en dansk-bergenser i mannskapet. Vi seiler for første gang under norsk flagg for å utfordre den israelske statens forbrytelser mot menneskeheten.

Dersom vi skulle bli bordet av israelske flåtestyrker, i strid med internasjonal og maritim rett, ber jeg dere arbeide for at norske myndigheter legger press på Israel og sikrer vår løslatelse.

Skreiv bok frå førre gong

Hammervold har tidlegare vore med på aksjonar frå organisasjonen Ship to Gaza, og skreiv etter aksjonen i 2012 boka "Estelle" om opplevingane, i ein aksjon der han saman med tre andre nordmenn vart pågripe av israelske myndigheiter.

Båten Kårstein la ut frå Bergen 30. april i i år, og er ein del av ein større flotilje, med fleire båtar frå mellom anna Canada, Hellas, Italia, New Zealand, Spania og USA. Om bord har dei med seg medisinsk utstyr til sjukehusa på Gaza. Meininga var òg å donere fiskebåten dei reiser med, til palestinske fiskarar.

Gruppa ønskjer å bryte blokaden av Gaza med fredelege middel.

Norsk UD skal i følge Aftenposten ha bedt israelske myndigheiter om å klargjera kva som har skjedd, og på kva grunnlag dei meiner å ha rett til å gripe inn overfor fartøyet. UD legg til at dei frårår alle å reise til Gaza.

Også den israelske avisa Jerusalem Post skreiv om hendinga i går.

Hans Petter Hammervold Foto: profilbilete på facebook