Derfor er det greit med eit mellomnamn.

– Namneforvirringar?

– Ja, mor mi heiter Kari Randi, så det har jo vore litt telefon- og postforvekslingar og slik, men det ordnar vi greit opp.

– Og det hjelper ikkje å berre kalle seg Karen heller?

– Det har hendt eg har sagt berre Karen for enkeltheits skuld, men det vart litt vanskelegare etter at eg kalla dotter mi Karen.

– Og så dreg du profesjonelle vekslar på namnet?

– Ja, eg er logoped, og da er det eit fint namn å øve på for små som skal lære K og R.

– Ikkje mange andre med din kombinasjon av namn?

– Nei, eg møtte ein gong ei vaksen dame frå Ringebu med same to namna, men det er einaste gongen. Ellers er det mange Karen og Randi i slekta, og eg tykkjer det er hyggeleg å tenke på at andre har hatt same namnet.

– Kva gjer Karen Randi i sommar?

– Eg har ferie heile skuleferien, og har verkeleg nytt sommaren. Litt på Kreta, men resten på hytta på Gålå.

– Og du har vore på jakt?

– Ja, nå har eg alle postane på stolpejakta i Sør-Fron, og har funne mange fine plassar og turmål, på båe sider av dalen. Nå gler eg meg til Peer Gynt på Gålå, for da skal eg på ulike arrangement.