Sjølv om hyllene så langt er fylt på med tørrvarer, skal eit kjøleaggregat sørge for at grønsaker frå grossist i Oslo skal få plass etter kvart. I tillegg til tørrvarer som ris og bønner, krydder i rause posar, te og kaffe, søte saker og hermetiserte varer, kjem det til å bli litt helsekost å finne på hyllene.

Næraste på Lillehammer

- Norske kjeder har ikkje mange av desse varene, og folk reiser til Lillehammer for å handle, seier Paal Toxe Brandvold, som startar butikken, saman med venen Ahmad Bakri.

- Vi er lova at det skal koma aggregat onsdag denne veka, og vi satsar på å ha opning på fredag, seier han.

På bordet står Siksek-kake, levert som helsing frå ei syrisk dame til dei to etablerarane i Nedregate. Ingrediensane er truleg å finne i hyllene, og kanskje blir oppskrifta å finne i butikken snart også.

Oppskrift kvar veke

- Kvar veke blir det ei ny oppskrift å finne i butikken, det har vi bestemt oss for, fortel Brandvold.

Bakri skal stå for utarbeidinga, og kan allereie fortelje om kyllingrettar og krydderblandingar som er tradisjonelle i heimlandet.

- Vi trur det er fint for kundane å få bruksområde for varene, slik kan ein utvide den kulinariske horisonten, meiner dei.

Bakri mat blir namnet på butikken i Nedregate, og dei to vil også få med seg fleire medarbeidarar.

- Vi har bestilt dekalar til vindauga på norsk og arabisk, det kjem etter kvart, seier Brandvold.

Innreidde med brukt

Butikkinteriøret har dei handla brukt, likeeins kassa. Og ein søknad om etableringsstøtte er snart i posten til Nord-Fron kommune. Dei to skreiv under leigekontrakt 15. juli, og etableringa vart registrert i brønnøysundregisteret i juni.

- Det skal bli spennande å sjå korleis det går, seier Ahmad.

Han tek til på skule på Ringebu læringssenter i haust, for å ta norsk grunnskule.

Enn så lenge er det skilta frå Motestugu som heng på veggen. Men den tradisjonelle vasspipa er på plass i utstillingsvindauget, om enn mest til pynt.

- Spennande tilskot

Bakri har budd i Nord-Fron sidan i fjor haust. Han er frå Syria, og har budd i Norge i tre år.

- Eg budde fyrst på mottak på Otta, og da det vart nedlagt vart eg flytta til Lena. Eg vart kjent med Paal gjennom vener som kom til Otta frå Øyer, fortel han.

Paal fortel at han da var norsklærar ved mottaket på Øyer, og at dei seinare har vorte godt kjent. Slik har Ahmad fått mykje norsktrening, sjøl om det er litt vanskeleg med dialekter ennå.

Ordførar Rune Støstad helser etableringa velkomen, og tykkjer det er eit spennande tilskot i butikkfloraen på Vinstra.

- Mange har nok sakna noko slik, samstundes som det er spennande for oss som er vokse opp med kål og rauost å prøve noko anna også, seier han muntert.

Ordføraren seier han vil ta seg ein tur innom den nye butikken ein av dagane.

Ahmad Bakri og Paal Toxe Brandvold satsar på spesialbutikk for arabisk/asiatisk mat i Nedregate. Foto: Guro Vollen