Jubileumstur til Muen

Feirar med topptur og rømmegraut

Laurdag arrangerer Den norsk turistforening Gudbrandsdal moderorganisasjonens jubileum. Det skjer sjølvsagt med ein fjelltur, til Muen på Venabygdsfjellet.

Jubileumstur Fra Muen  Foto: Dølen/arkiv

Nyheter

Med på turen blir også sjefen sjøl, DNTs generalsekretær Nils Øveraas, med. Turen går til Muen og DNTs Gråhøgdbu. Muen er den høgste toppen på Venabygdsfjellet med sine 1424 meter over havet.

- Etter turen lovar sjefen å stå for rømmegrøt, spekemat og saft etter endt tur, så meld gjerne på venner og familie og kom, seier Therese Heramb, dagleg leiar i DNT Gudbrandsdal.

Ho seier turen tek om lag tre timar i roleg tempo.

-  Og det blir gode pauser undervegs, lovar ho.

Den norske turistforening vart stifta for 150 år sidan i år. DNT Gudbrandsdal er 11 år i år.