Snart startar dugnaden for alvor:

Jordalen tek form

Frå neste helg skal det for alvor skal kallast inn folk til å bidra, i dugnadsarbeidet med hoppanlegget i Jordalen.

Hopp: Forskaling av hoppet i 70-metersbakken i gang, Torfinn Scheie og Egil Brenden.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Fyrst i juni var fyrste spadetaket, eller rettare fyrste gravemaskinjafset, teke i Jordalen. Når anlegget står ferdig skal om lag 4-5000 kubikkmeter masse vera flytta på, for å rydde plass til dei fire hoppbakkane i rekrutteringsanlegget. Haverstad entreprenør har stått for gravearbeida i sommar, og før det hadde Mjøsen skog fjerna fem hundre kubikkmeter tømmer frå traseane.

- Dette kjem til å bli det finaste rekrutteringsanlegget i landet, og vi gler oss skikkeleg til å kunne invitere folk hit på renn, seier eldsjel og i dag hoppforskalingssnekker, Torfinn Scheie.