Det som overrasket kunstnaren mest, var at stykket var så universelt og nære. Peer Gynt-utstillinga med Sverre Koren Bjertnæs blir opna av kulturminister Trine Skei Grande fredag, i samband med opninga av Peer Gynt-stemnet, melder Galleri Zink.

Utstillinga i samband med Peer Gynt blir i år vegg i vegg med teaterarenaen, i den nye låven som på rekordtid har kome opp ved Gålåvatnet.

Det er Galleri Zink på Lillehammer som står for Peer Gynt-utstillinga også i år, og dei melder i ei pressemelding at kunstnaren stiller ut 25 bilete. Dei er resultat av dette året med djupdykk i det 150 år gamle stykket av Ibsen.

- Da eg tok til å jobbe med dette prosjektet, fekk eg eit litt anna forhald til Peer Gynt. Det er mykje humor, det er høgt og lågt, slik stor kunst er. I arbeidet har eg teke tak i det heilt eksistensielle. Peer Gynt handlar for meg om kjerna i det ein skal vera, i den tida ein lever, seier Koren Bjertnæs.

Sverre Koren Bjertnæs er (fødd 1976) frå Trondheim, og blir skildra som ein av Norges fremste samtidskunstnarar, med ein solid kunstnerisk identitet, av Galleri Fineart i Oslo sin kunstnarpresentasjon.