Torsdag fekk ein nesten fylt publikumsarena sjå Jacob Oftebro på scena att, etter at han tidlegare i år vart brannskadd under ei filminnspeling. Saman med faren Nils Ole Oftebro gestaltar han Peer Gynt for andre år på rad, i regien til Sigrid Strøm Reibo.

Les Dølens artikkel om framsyninga frå premiera i fjor her.

Det var ei tid usikkert om han kunne vera med på Gålå att i august, men rett før sankthans kunne Peer Gynt AS melde at han kom til åvera med.

Det er i år siste moglegheit til å få med seg far og sønn Oftebro i rolla som Peer Gynt, og neste fredag blir det klart kven som skal ha hovudrollene til neste års framsyning.

Årets Peer Gynt utstilling blir også opna samstundes, og syner i år 25 arbeid av biletkunstnaren Sverre Koren Bjertnæs.