Kunstutstillinga og teateret går bokstaveleg hånd i hånd ved årets Peer Gynt-stemne. Låven frå Svatsum som er oppattreist på Peer Gynt-arenaen, er galleri for Peer Gynt-utstillingane. Slik må dei som kjem for å sjå teater, gå rett forbi døra på galleri Låven, i staden for å måtte oppsøke utstillinga nede på Vinstra i tillegg. Meir kuriøst er det at låven eigentleg skulle huse souvernirbutikk.

Årets kunstnar: Sverre Koren Bjertnes stiller ut 25 silketrykk under Peer Gynt-stemnet. Foto: Guro Vollen

Litt tilfeldig

Bakgrunnen for at galleriet til Peer Gynt-utstillinga vart flytta til den nye låven,  kom som følge av ei rekke tilfeldigheiter, fortel dagleg leiar i Peer Gynt, Marit Lien.

- Det starta med at Krible design, som leiger lokale hjå oss på Vinstra, måtte ha meir plass. Så vi måte lage kontor i det som var utstillingslokale, for alternativet deira var å flytte til Ringebu. Vi ville behalde dei i Nord-Fron, seier Lien.

Låven skulle eigentleg huse souvernirbutikk, men så opna ikkje reguleringsplanane for store vindauge, samstundes som dei mista gallerilokala nede på Vinstra.

- Så da tok vi til å tenke på låven som galleri. Og det vart jo veldig bra, mange var innom, og han har seld veldig bra allereie fyrste dagen. Det er klart det blir positvt når vi har 2300 innom her kvar dag i ti dagar, mot at dei måtte reise innom ein annan stad i tillegg,  seier ho.

- Så da blir souvernirbutikk det neste?

- Vi ser jo det at det er veldig godt å ha permanente bygg, men det spørs jo kva vi skal prioritere. Slik eg tenkjer er det ein del behov backstage som vi ikkje har gjort noko med på fleire år, seier Lien.

Mellom anna manglar ein verkstad, og det fins berre eitt permanent toalett, der dei må leige inn fleire under framsyningsperioda.

-Så eg tenkjer det bør vera vår neste investering. Så får vi sjå kva styret seier, og vi får prioritere kva vi må ha og kva vi ønskjer innafor ei 3-5-årsperiode, seier ho.

Nytt galleri

Årets stemnekunstnar Sverre Koren Bjertnæs er godt nøgd med plasseringa, men tør ikkje seie noko om forventningar til mottaking og salg, sjølv om det allereie ein time etter opning, var sett opp raude merke ved fleire av bileta.

- Eg har ikkje noko forventningar slik sett. Det er jo kanskje uventa for publikum at utstillinga er her, men det blir spennande. Det har jo vore Peer Gynt-utstillingar i fleire år, men det er fyrste gongen det er inne på området, så det er jo spennande å vera med på, seier han.

- Plasseringa; her kjem alle som skal på teateret inn, rett ved døra til galleriet?

- Den går det ikkje an å seia noko på, nei, her må dei enten gå inn eller forbi. Og på sikt trur eg det blir bra for stemnet å samle alt her, seier han.

Kontrast i låven

Han er også begeistra for den kontrasten bileta hans får mot dei gamle tømmerveggane i låven.

- Det blir ein fin dialog - litt det same som med teateret, det gamle stykket som bakgrunn, tolka på nytt.

Koren Bjertnes har brukt eit år på utstillinga. Han var på fjorårets framsyning, og har veldig sansen for Reibo sin regi og måten å modernisere stykket på. Sidan har han fordjupa seg i verket gjennom året som har gått.

- Det er jo eit stykke som er mykje illustrert frå før, og som er så eineståande at ein nesten kan vera bekymra for å begrense det, heller enn for å tilføre noko nytt, seier han, og meiner Peer Gynt er eit så uhyggeleg aktuelt stykke, om kva det vil seie å leva og å vera eit menneske og kva for valg ein tek.

- Eit voldsomt eksistensielt drama, sjøl om det i fyrste omgang kan sjå ut som ei askeladdhistorie. Det ligg skjebnesvangre tankar under der, slike som alle må ta stilling til, seier Bjertnæs.

Han er samd i at det er likskap mellom bileta hans og teaterframsyninga i tolkinga av Peer Gynt.

- Ja, det er nok riktig. Eg likar veldig godt den måten det er gjort på, og regien til Reibo. Den måten å modernisere på så teksta blir meir forståeleg, og ikkje berre modernisere for å modernisere, seier han.

Samarbeid

Kulturminister Trine Skei Grande opna utstillinga fredag, i samband med opninga av Peer Gynt-stemnet.Det er Galleri Zink på Lillehammer, i samarbeid med Peer Gynt as, som inviterar ein ny kunstnar kvart år.

- Neste års kunstnar er allereie på plass for å sjå årets stykke, røpar Linn Cecilie Mæhlum frå galleri Zink.

- Galleriet vart veldig bra, og desse veggane fungerer jo veldig fint for moderne kunst, seier ho.

Kvart Peer Gynt-kunstnar blir invitert til å lage ei utstilling med tematikk omkring Peer Gynt.

Galleriet har også utvida opningstidene i samband med at det er flytta opp til stemnearenaen. Laurdag melder galleri Zink at så mange som 500-750 var innom i løpet av opningsdagen.