Kinck har lagt merke til avfall av gamle bildekk rundt Afstjønna, og har gått til aksjon på eigenhand for å fjerne dekk som har ligge ute i vatnet. Han peikar også på at Afstjønna er under oppsyn frå miljømyndigheitene på grunn av algeoppblomstring.

- Skal vi ha reint vatn og miljø, må vi gjera det nå, seier han, og dokumenterer skrivet til kommunen med fleire bilete som syner bruken.

Han har sjøl plukka 20 bildekk opp frå vatnet, fortel han, noko som var mogleg nå på grunn av den låge vasstanden.

Han meiner det blir sleppt ut mikroplast i vatnet kvar gong folk tek båtane ut frå og inn til land, når dei brukar 4 til 6 dekk til å beskytte båtane med i vasskanten.

Gjenbruk eller avfall

Anders Nybakken i Nord-Fron kommune svarar, i ein epost til Dølen, at det er rett at deponering og kasting av dekk i naturen er forbode.

- Eg har ikkje fått sett grundig på saken ennå, men sannsynlegvis så er den bruken som er her, i tråd med avfallsforskrifta og forurensningsforskrifta, da det er snakk om gjenbruk av dekk, skriv Nybakken.

Han kan ikkje seie noko om kva kommunen vil gjera med saken, før han har fått sett nærare på det.

- Kva kommunen vil foreta seg, kjem an på om det her er snakk om gjenbruk eller om dekka er å rekne som avfall, seier han.

NB: Artikkelen er endra. Ut frå den fyrste publiseringa kunne ein tolke det som om Kinck hadde fjerna bildekk som var i bruk som båtstø, det stemmer ikkje, presiserer Kinck til Dølen.