Ni gutar frå bufelleskapet for mindreårige flyktningar slo til, da dei fekk tilbod om sommarjobb for Frya næringspark. i fem veker har dei kasta seg på syklane for å rydde tomteareal for kvist og småskog på rot.

Eit nødvendig tiltak

Det er snakk om store tomteareal, der det interkommunale selskapet må sjå småskogen vekse seg over hovudet.

– Dermed fann fleire etatar løysinga saman - litt tilfeldig, men med veldig godt resultat, i følge Frode Martinsen, næringssjef i Ringebu kommune.

Sidan olskok har dei ni gutane jobba til saman 1575 timar i lauv og kratt, med håndsag og greinsaks.

– Det var litt varmt i starten, men nå er det greit, tykkjer Wares, som ikkje har vore borte ein einaste dag.

Opp klokka seks, og så er det ein halvtimes sykkeltur til Frya.

Men jobben er god, let han på. Betre enn å sitte heime og kjede seg.

Spare til kortet

Dessutan blir det løn for strevet.

– Eg skal spare til førarkortet, seier han.

Mohammad siktar seg inn på ein ny telefon - den frakkaste typen. Men fyrst skal fleire småtre falle for saga.

– Motorsag får vi ikkje bruke, det er berre Geir, fortel dei.

Geir Bergtun er ein av dei vaksne som er tilsett i bufelleskapet, og har vore med gutane når han har vore på jobb.

– Det har verkeleg vore kjempefine arbeidsdagar for meg også, seier han.

Både han og Torstein Vestad, som jobbar som nattevakt hjå gutane, skryter av arbeidslaget, mellom alt tullpratet.

– Det eg tykkjer har vore veldig artig, er at dei har vore så flinke til å gå i gang sjøl, fordelt seg rundt og samarbeidd. Det har vore moro å vera med, seier Geir.

Synleg arbeid

Det ligg att store synlege bevis på arbeidsinnsatsen. Digre haugar med nedsaga småskog ligg langs flystripa på Frya.

– Kva har de lært?

– Å skrive timelister. Eg har ei kladdebok eg fører i, før eg skriv inn på lista, seier Mohammad Bashir.

– Eg hadde kopi av lista mi, og det var bra, for plutseleg var det nokon som hadde rota bort den eg leverte, fortel Mohammad Wali.

Han minner Torstein på at han må vera klar til fotballkamp i kveld klokka kvart på seks, for Ringebu-Fåvang har bortekamp. Barcelona-tilhengaren Wali skal spela, og må vera klar når skyssen er der.

– Går det bra med Ringebu Fåvang i år; vinn de noko?

– Ja, vi vinn noko og tapar noko. Det går bra, seier han.

Tek ansvar

Matpausa tek arbeidsgjengen inne i klubbuset til Gudbrandsdal flyklubb. Nista i dag er ein bønne- og kikertstuing med tomat, og brød. Te ved sidan av.

– Kaffe er det Torstein som drikk, han har alltid den koppen i hånda, seier gutane og ler.

Dei har det til at nattevakta til og med har kaffekoppen på nattbordet.

Det er forresten nattevakta som skal få gutane opp i rett tid.

– Det har eg ikkje trengt, dei fiksar det sjøl, kjem seg opp og på jobb. Nista ordnar dei før dei reiser, og alt utstyret dei skal ha med pakkar dei inn i bilden til den som skal vera med om dagen, seier Vestad.

– Vi deler på kjøkkenet, så vi to lagar maten saman, og dei lagar saman. Hvis vi er der alle saman på ein gong, blir det kaos. Derfor lagar eine gruppa ferdig maten om kvelden, fortel Wali.

Spor: Det synes godt, arbeidet i løpet av fem veker. Wares og Torstein viser haugane langs flystripa. foto: Guro vollen
Til pers: Temmeleg mange kubikk lauv og kvist har gått i bakken under dette arbeidslaget dei siste vekene. Sidan olsok har gutane vore her kvar vekedag med greinsaks og sag. Foto: Guro Vollen
pause: Inne i klubbhuset til Gudbrandsdal flyklubb er det duka for matpause for Wares Marufkhil, Mohammad Bashir, Geir Bergtun, Mohammad Wali og Hazrat Jankhel. foto: Guro Vollen