- Da visste du ikkje kva du sa ja til?

– Eg var 15 år og da er ein jo litt uredd, og det var jo heller ingen som visste korleis det skulle bli. Hadde eg visst det, hadde eg ikkje turt å seie ja.

– Du var med frå starten i 1989 og i fire år. Korleis var rolla som Solveig da?

– Ut over songen fekk eg meir dialog etter kvart, med mor Åse mellom anna. Den gongen var Solveig meir eit symbol på samvittigheita til Peer, og sto synleg gjennom delar av framsyninga.

– Det var utfordrande på meir enn ein måte?

– Ein fekk testa litt av kvart! Sto der gjennom andre akt med myggsvermen oppunder stakken. Det gjekk i myggspray og ullundertøy, kan du si.

– Du har sett alle versjonane sidan, korleis er rolla til Solveig endra?

– Det som er litt artig er å sjå korleis den har vore knadd rundt og hatt heilt forskjellige uttrykk. Frå at Solveig måtte vera operasongar, til at ho står og skrik ut sangen som Heidi Rud Ellingsen gjorde.

– Og det er litt attande til der det starta på ein måte?

– Ja, det er litt attende i den forma som det hadde. Og det hadde jo vore artig med ei lokal Solveig att, tykkjer eg. Eg veit at vi har fleire jenter som kunne fylt den rolla bra. Det er mi utfordring til 30-årsjubileet neste år.

– Du spela mot Per Tofte som Peer, den gongen. Han passa litt ekstra på deg?

– Ja, han var veldig beskyttande. Møtet med teatermiljøet kan vera ganske brutalt. Mellom anna las eg i avisa at eg ikkje skulle fortsetja. Da skreiv han eit langt brev til meg og forklarte at det var slik dei var vande med, og at det skulle eg ikkje legge på meg. Han syns det var stygt gjort.

– Kva tykkjer du sjølv?

– Nå tenkjer eg at det hadde jo ikkje kosta så mykje å seie takk for innsatsen, etter fire år. Eg var jo klar over at det vart endringar, og var på veg til studier og andre ting. Peer Gynt har nok vorte meir profesjonelle, også på måten dei frivillige blir behandla, trur eg.

– Rolla som Solveig gjorde at du fekk mange andre opplevingar, fortel.

– Det vart mykje merksemd, ja, den gongen turde eg ikkje fortelje til så mange alt eg var med på. Til dømes var eg med til Oslo da Thorvald Stoltenberg vart årets Peer Gynt, og fekk møte han. Det tenkte eg på nå, da han gjekk bort.

– Og i 1990 song du faktisk for kong Olav?

– Ja, eg song under ei minnemarkering om 1940 i Kvam, og der var kong Olav.

– Kva er Peer Gynt-utgåve har du likt best?

– Det er utan tvil der Mads Ousdal spelar Peer, den framsyninga var heilt fantastisk.

– Kva er dei største endringane sidan starten?

– Da vi starta var det ei lita bu på scena og leca-blokker med plankar over i amfiet. Det er ein ting. At dei tok nye grep kunstnarisk med fornying var og viktig, og det er ganske fantastisk å oppleva at noko ein var med å starte har vorte slik.