At Kvam har ein musikkpaviljong, er det kanskje ikkje så mange som kjenner til. Laurdag skal det bli ein slutt på det.

- Vi tenkjer det er viktig å bruke denne plassen, når den fyrst er der. Det er eit kjempefint område, seier Grete Hølmen i musikkforeninga.

Ideen til Elviskonsert var det leiar i musikkforeninga, Vidar Moen, som fekk.

- Den kom rett og slett etter at eg var på konserten Elvis goes to church, med Ole Jonny and the Kingsmen, her i Kvamskyrkja. Så da ringte eg til Ole Jonny Bekkemellem, som sa ja med det same, seier han.

Kjøkkenmøte

Dermed møttes dei ved kjøkkenbordet heime hjå Moen, saman med dirigent i Kvam musikkforening, Jim Wilhelmsen. Settlista vart meir eller mindre sett, der og da.

- Vi har jo hatt nokre Elvis-låtar på repertoaret frå før, så vi skal vera med på 7-8 nummer. Så har Ole Jonny med seg The Kingsmen, så dei har nokre låtar berre dei.

Kongens menn

The Kingsmen er Ole Erik Bjørnstadhaugen på slagverk, Vidar Hoel på tangentar, Henning Grindstuen på bass og Morten Graff på gitar.

Og konserten får både oppvarming og etterspel; før konserten blir det amerikansk biltreff ved vertshuset Sinclair, og kortesje opp til paviljongen før konserten. Etterpå blir det "Graceland afterparty" attende på vertshuset.

Kvam musikkforening har også tidlegare stelt i stand konsertar med ymse tema, mellom anna «Frå rock til korps», «Frå Hollywood åt Kvam» og «Tilbake til 60-tallet».

Musikkforeninga stiller med 26 blankpussa musikantar laurdag, og dirigent er Jim Wilhelmsen. Moglegvis i Blue Suede Shoes.