Ho har budd akkurat her i fire år, sidan før ny E6 vart opna.

– Eg hadde rekna med at trafikken skulle auke noko da vegen opna, og det har han gjort, men det er farten som verkeleg skremmer, seier ho.

Fleire er skremt

Det tykkjer ho er synd, for nettopp nærleiken til skulen var ein av grunnane til at ho kjøpte dette huset.

– Vi vil jo helst at ungane skal få rørt på seg, og det helsefremmande i å gå eller sykle er jo fint, men eg tør rett og slett ikkje anna enn å køyre dei om vinteren, seier ho.

Ordførar Ole Tvete Muriteigen har fått mange meldingar frå urolege foreldre og andre.

– Dei tek kontakt fordi det blir køyrd altfor fort langs Baksidevegen. Mange ser ut til å tru at fjellvegar og bygdevegar har fri fart, seier han.

– Farten må ned

Ordføraren seier foreldre og andre etterlyser tiltak som kan dempe farten og gje trygg og sikker veg.

– Kva kan kommunen gjera?

– Vi må ta det opp gjennom dei kanalane vi har. Kanskje må vi få fartsboksar med gjennomsnittsmåling? Vi vil ikkje gje oss, farten må ned, seier han.

Han meiner også haldningsskapande arbeid er ein del av svaret, og har kontakt med Trygg trafikk, som skal bistå kommunen også framover.

– Dessutan har det nok effekt at politiet patruljerer. Ei påminning som får folk til å senke farten, meiner han.

Politiet patruljerer

Den slake rettstrekninga forbi huset til Bodil Frikstad blir brukt til å dra på fart av mange, meiner ho. Baksidevegen har 60 kilometer i timen som fartsgrense, men det er ikkje sjeldan at den blir brote, ifølge Frikstad.

– Det ironiske er at det også kan vera foreldre som køyrer ungane til skulen, som kjem fort, seier ho.

Politibetjent Svein Morten Laingen seier politiet også veit om at stor fart er eit problem her.

– Vi har snakka om at det blir køyrd fort på den strekninga, seier han.

Han ser samanheng med at det er trafikkauke her som følgje av at det er einaste vegen lokalt utan bompengar.

– Vi patruljerer her ganske ofte, og har snakka om behov for kontrollar. Så er det ikkje veldig varig effekt av kontrollar heller, men folk må hugse på at fartsgrensa gjeld, legg han til.