På morgonkvisten fyrste skuledag vart fleire som frakta ungar til skulen i Sødorp kontrollert.

- Vi hadde ein liten trafikkontroll ved Sødorp skule. Der var 32 bilar kontrollerte, og det var ingen som fekk nokon reaksjon, seier politibetjent Anne Lise Koen ved lensmannskontoret.

At folk er flinke er i følge lensmann i Midt-Gudbrandsdal, Jon Gaarden, heller ikkje uvanleg.

- Som oftast er det bra. Vi har heller ikkje hatt mykje kontrollar, men vi prøver å vise oss fram og vera til stades, og vi skal i løpet av veka også innom ved alle skulane i Midtdalen, seier han.

Det har i det siste vore ein del fokus på å få til ei sikker sone omkring skulane, og Gaarden meiner det har vorte lagt betre til rette for å unngå kaos i bringe- og hentesituasjonar heilt inntil skuleporten. Ved mange skular kan foreldre som fraktar ungar utgjera ei auka trafikkfare.

- Så varierer også det ved dei ulike skulane, nokre stader er det også like mykje annan trafikk heilt inntil skulen. Uansett prøver vi å følge på og vera ein påminnar ved å vise oss fram nå i samband med skulestart, seier Gaarden.