Lars Mytting

Søsterklokkene

Gyldendal

Etter Lars Myttings førre roman, Svøm med den som drukner, snudde mange på hovudet og kikka oppetter baksida i Gudbrandsdalen for å sjå for seg Hirifjell.

Og Mytting har greidd det igjen.

Den vesle bygda Butangen, «mellom Tretten og Fåvang» står så levande for oss, at vi får lyst til å ta ein tur oppi lia for å sjå.

Den medrivande historia er drege opp langs ein tidsakse som startar på 1600-talet. Da døyr to siamesiske tvillingsystre ved veven, og får kvar si kyrkjeklokke, med all slektsgardens sølv i legeringa, til minne. Desse systerklokkene ringer ennå til messe når vi hoppar fram til 1880-talet.

Skjebnetrådane til hovudkarakteren Astrid Hekne er bokstaveleg vove inn i historia. Hennar draumar ut i verda og bort frå det fastlagde kvinnelivet i fjellbygda veks, når den nyutdanna presten Kai Schweigaard og hans visjonære tankar hamnar i Butangen.

Prestens vidløftige planer for kyrkja og kyrkjelyden, sett saman med Astrids tilhøyrsle til mytologien bak klokkene og kulturen i bygda, er dynamikken som driv historia fram. Den blir fort komplisert av den unge arkitekten frå Dresden, som skal medverke når kyrkja blir seld på rot.

Som i førre bok imponerer Mytting med den gode skildringa av handverk og materiale, der språket blir taktilt, så du kjenner den kalde kyrkjebenken eller den varme steinhella.

Like eins har han suverent grep om gudbrandsdalsk lynne og kultur. Særleg slik vi likar den, gjennom Astrids hugsott for slektas ære og stoltheit, men òg meir karikert i nokre av Butangenfolket.

Historia om viljesterke Astrid fengslar og er sann frå fyrste stund. Sjølv om vi ønskjer oss litt meir levande dialog enn peikande personskildringar på nokre karakterar, er det fyrst og fremst ein rik, drivande dramatikk som rører oss, i Søsterklokkene.

Vi håpar dette berre er starten, og at klangen av klokkene ringer vidare som trilogi.

Bokomslaget til Lars Myttings nye roman Søsterklokkene Foto: Guro Vollen