Men romanen om bensinstasjonseigar Erik Fyksen i Annor, ei fiktiv bygd i Midtdalen, synte seg å bli ein suksess av ein debutroman. Fyrsteopplaget vart borte på tre veker.

Sidan har bøkene hans fått meir av det same; ramma er Gudbrandsdalen, med folk og stader som både blir attkjennelege lokalt, og ikkje minst ute i verda.

– Er det slik at til meir lokalt du skriv, til meir universelt blir det, når ein kjem heilt ned på personnivå?

– Ja, merkeleg nok, så verkar det slik. Eg ser at dei bøkene eg har likt best, aldri handlar om slike generelle, breie ting, dei har alltid dette nære tilhøvet til staden. Til dømes Vindens skygge, av Carlos Ruiz Safón, der heile handlinga konsentrert om éi gate i Barcelona, seier han.

Skrelt inn til kjerna

Og Søsterklokkene har i tillegg også fått meir enn geografi frå dalen, frå det Mytting kallar bygdas felleseige.

Segna om systerklokkene er velkjent i Ringebu, og er attfortalt i generasjonar.

– Kanskje oppstod historiene på grunn av trongen til å forklare den voldsomme klangen i klokkene, som er spesiell i Ringebu, meiner Mytting.

Segna trur han er ein rest av ein stor og rik forteljartradisjon, med parallellar mange stader i dalen, og også i Irland og i Sverige.

– Da eg tok til å leite i kjeldene etter spor av desse systrene, fann eg ikkje det. Fyrst vart eg skuffa, men så fann eg ut at det gav meir fridom i skrivinga. Dei som fortalde historia munnleg, tok også med det beste, alt anna vart skrelt bort, seier han.

Å rive kjeft

Han likar å tenkje at han er ein del av den sterke munnlege tradisjonen for historieforteljing, og dreg vekslar av spissformuleringsevner dølabakgrunnen har forma.

Som ifølgje forfattaren, dels var raffinert gjennom den dølske kunsten «å rive kjeft», høglydt praktisert av kameratgjengen i oppveksten.

Tinga tek sin plass

Sentralt i Søsterklokkene er stavkyrkja, historiske vevnader, teknikkar og handverk. Den fysiske dimensjonen av tilværet på 1800-talet er tydeleg.

– Eg legg merke til måten du skildrar stofflegheit i ting, overflater, reiskap – det slår meg som spesielt for måten du skriv på?

– Eg er nok mykje meir oppteke av det enn andre som skriv, og eg tenkjer at det er viktig i ei tid der så mykje er digitalisert, seier han.

Noko meiner han ligg i hans eigen fascinasjon for å forstå ting, finne detaljar og korleis ting blir gjort. Det blir også ein måte å syne personlegdomen til karakterane på.

– Eg likar å bruke det som inngang for å syne personane. Set folk i arbeid og sjå kva som skjer, seier han.

Lokal namneforankring

Mange av dei som kom for å høyre Mytting snakke om boka lanseringshelga, kunne notere seg for eigne slektsnamn og gardsnamn.

Og namna er ein måte å gje ein smak av Gudbrandsdalen.

– Gardane var så viktige i denne brytningstida, dei var eit eige samfunn for seg, derfor kunne eg ikkje gje dei intetsigande namn, forklarar han.

Men i alle bøkene sine har han prøvd å skrive slik at ikkje for- og etternamn til nokon nålevande blir med.

– Da kjem verkelegheita og blandar seg inn, og det går ikkje an, seier han.