- Vatn, sportsdrikk, cola! Heia, heia, nå er det ikkje langt att!

På siste matstasjonen før mål står Hanna Lillebo, Kari Marie Nyheim, Heidi Rudidalen, Synne Kjæstad Aspeslåen og Wenche Kjæstad. Med eitt brett i kvar hånd, og med oppmuntrande tilrop mot både spreke og tiltakande stivbeinte løparar fire kilometer før mål. Den verste kneika står att før mål, men har får løparane tilskot av raske karbohydrater og væske.

- Alle er så flinke til å kaste frå seg søppelet dit det skal,og så er dei så veldig hyggelege, seier Heidi Rudidalen.

Ho har vore med fleire gonger, og står tredje gongen på plass ved Vassmillom.

- Sjøl dei raskaste som har fullt fokus på løpet og berre skal fort forbi, tek seg tid til å nikke og smile, seier ho.

Ho konstaterer at grinete folk aldri har fore forbi matstasjonane ho har stått ved, korkje på ski eller i løpet.

- Og så tykkjer jo vi at det er artig å vera med også, heile arrangementet er triveleg. Så når ein blir spurt så takkar ein jo ja, dugnadsånden er sterk i Kvam, seier Wenche Kjæstad.