Henry Ford hadde produsert på samleband sidan 1914, da A-Forden til Olgeir Marstein rulla ut frå samlebandet i 1929. Det er til og med skrive bok om typa, A-Ford Roadster, ei biltype som vart kalla Henry's Ladies.

Originalt på alt

Motoren durar heilt fint og jamt, for her er delane restaurert etter alle reglar.

- Det er berre originaldelar, ja. Og så har eg restaurert heile motoren sjølv. Den er også lakkert opp att i originalfargar. Eg har fargekartet til Ford, og denne har faktisk tre farger. Ja, fire, om du reknar skjermane, som er svarte.

Det er praktiske oppgåver og spørsmål undervegs som avgjer vinnaren av Gudbrandsdalsløpet laurdag. Og sundag er det utstilling.

Tidlegare vinnar

Da Marstein vann for to år sidan, vann han både løpet og utstillinga i si klasse. Men det var med ein Fiat 1927-modell.I tillegg har han ein Ford V8 1933-modell.

- Innstillinga må vera å gjera sitt beste, så får vi sjå. Det er ikkje eit hastigheitsløp, dette, seier Olgeir Marstein laurdag før løpet. Han har også med kona Birgit som passasjer.

Gudbrandsdalsløpet er arrangert av Gudbrandsdal Motorvognklubb. I fjor deltok totalt 115 kjøretøy, der nokre deltek i løpet, medan andre kun deltek i utstillinga. Start og stopp er ved Peer Gynt kjøpesenter, og løpet går innom Harpefoss, Ringebu, Fåvang, Fryatun og Sødorptunet på vegen. Der er det lagt inn oppgåver.

Oppdatering; vinnar i klassa for biler før 1950 vart også ein Ford; ein V8Club Cabriolet, som Marstein har vore med litt på restaureringa av. Den tilhøyrer Ole Melvin og Oddny S. Lien frå Brumunddal.