Veteranutstilling på Vinstra:

Familieklenodium på hjul

Nils Magne skulka skulen for å bli med, da faren skulle hente lastebilen i 1976. Nå har han brukt eit og eit halvt år på å restaurere Volvoen.
Nyheter

Faren til Nils Magne Gjeitnes frå Hundorp kjøpte seg ny lastebil med hengar i 1976. Faren jobba med å frakte møblar frå Møre til Trondheim, og papp til fiskeemballasje frå Ranheim fabrikkar attende.

- Eg hugsar til og med datoen da far skulle hente bilen, det var den 9. oktober i 1976. Da var det ikkje snakk om anna enn at eg skulle vera med, det var eg heilt bestemt på, fortel han.