Etter det Dølen kunne høyre, var det berre godord om Byfesten frå dei som var der laurdag litt ut på ettermiddagen.

- Eg tykkjer det er synd at dei fekk så mykje kjeft på førehand, og syns det er veldig fint og koseleg å ha det her. Det er så god oversikt og ungane kan få springe fritt, tykkjer Joanna Chloscinska, som brukte heile dagen saman med dottera og besteforeldre på byfest.