Dagens namn: – Når vi er ute og skal helse på folk blir det berre Siv, Siv, Siv

Siv Tove Furulund har namn etter kona til toreværsguden.

Namnedag: Siv Tove Furulund reknar med foreldra valde namnet fordi dei syns det klang godt.  Foto: Privat

Namnedagar denne veka:

Siv kjem frå norrøne sif, «kone, brud». I norrøn mytologi var Siv kona til Tor. Siril er eit nylaga norsk namn, som kan vera variant av Siri, Sigrid eller Sigfrid.

  • Fredag: Regine og Rose
  • Laurdag: Amalie, Alma og Allan
  • Sundag: Trygve, Tyra og Trym
  • Måndag: Tord og Tor
  • Tysdag: Dagny og Dag
  • Onsdag: Jofrid og Jorid
Nyheter

Ho har namn etter kona til toreværsguden, og Siv Tove Furulund reknar med foreldra valde namnet fordi dei syns det klang godt.

– Ikkje oppattkalla?

– Jo, Tove er det ei oppattkalling på, det er det einaste eg veit.

– Brukar du båe namna?

– Eg brukar stort sett berre Siv. Tantungane mine også, sjøl om eg prøver å seie at eg har eit namn til, så heiter eg nok Siv for dei.

– Og du har ikkje vore einaste Siv alltid?

– Nei, vi var to i same klasse med same namn. Og så har eg fleire venninner som heiter Siv. Så når vi er ute og skal helse på folk blir det berre, Siv, Siv, Siv ...folk trur vi tullar. Heldigvis har vi ulike mellomnamn alle saman!

– Du tok fagbrev i vår?

– Ja, nå er eg helsefagarbeidar, og jobbar på Sørheim. Eg hadde teorien ferdig før eg fløtte hit, hadde berre att den praktiske tredagarsprøva.

– Du er eigentleg frå Stange i Hedmark, kva fekk deg til Sør-Fron?

– Eg fløtte hit i 2015, og det var kjærleiken det da, eg fann meg ein døl, og så var det lettare for meg å flytte hit.

– Og namnedagen blir feira på Sørheim?

– Ja, det blir vel til at eg må feire namnedagen min der, sidan eg er på jobb.