Unge politikarar frå Midtdalen opplevde svensk valtrillar på nært hald

Det har vore ein spennande innspurt i valet i Sverige denne veka. To ungdommar frå AUF i Midtdalen tok turen over til "söta bror" for å gi drahjelp i valkampen.

Mariell Lunde (t.h.) frå Vinstra og Lone Bakken frå Ringebu gjorde ein innsats for moderpartiet i Sverige i helga. Her saman med Intisar Mahmood frå SSU (t.v.) og Emil B. Fjalestad,Gjøvik AUF.  Foto: Privat

Det var eit stort fokus på innvandring og integrering i diskusjonane da vi sto på stand.

Lone Bakken
Nyheter

– Det var skikkeleg spennande, bekrefter Lone Bakken frå Fåvang, som saman med Mariell Lunde frå Vinstra, reiste til naboane førre helg. Bakgrunnen for turen var eit initiativ fra AUF sentralt, om at ungdommar skulle bidra til nabohjelp. Jentene frå Midtdalen tok turen til Eskilstuna, i Strängnes.

– Vi hadde besøk av AUF frå Sverige sist vi dreiv valkamp, nå var det vår tur til å reise til dei. Vi var med og sto på stand, og så var vi med på valvake natt til måndag, fortel Bakken.

Oppland-gjengen tok turen til Sverige for å hjelpe Socialdemokraterna . Foran f.v.: Vilde Gjesdal, Hadeland AUF, Ingrid Myhr, leder AUF Oppland, Vemund Viken, Hadeland AUF, Mariell Lunde og Lone Bakken, Midtdalen AUF, Intisar Mahmood frå SSU og Emil B. Fjalestad,Gjøvik AUF.  Foto: Privat

– De får ikke servert «Grandis» her!

For tredje året på rad tilbys unge voksne middag til en rimelig penge på Vinstra. Tilbudet er spesielt populært blant elever på videregående – også blant dem som bor hjemme.

 

Nervepirrande

Dei var fleire ungdommar frå Oppland fylke som reiste over saman med jentene frå Midtdalen.

– Vi ville hjelpe til, støtte dei på slutten av valkampen. Det var jo eit ekstra spennande val denne gongen, slår Bakken fast. Og sjølve valnatta vart nervepirrande for både svenskane og deira norske venner.

Stand: Alle partia hadde stand på Eskilstuna.   Foto: Privat

Denne «kosten» kan redde liv

Sju av ti kvinner under 40 tar testen, som potensielt kan forhindre kreft i livmorhalsen.

 

Nyttig

Det såg så lovande ut først på kvelden, fortel Bakken, men så kom det meir nedslåande resultat ut over natta.

– Det var eit stort fokus på innvandring og integrering i diskusjonane da vi sto på stand. Det var mange synspunkt på det. Det var nyttig for oss å vere


med på denne valkampen, det ga oss mykje lærdom som vi tek med oss inn i valkampen neste år, seier Bakken.

Verdifullt

Det å diskutere i møte folk på gata, meiner Bakken er det viktigste ein kan lære, og noko ho meiner blir verdfullt inn i valkampen heime i Norge.

– Ein får både idear og motivasjon av å møte andre og sjå korleis andre står på. Så er det fint at vi kan støtte kvarandre over landegrensa, meiner Bakken.