Oppfordrar kommunane til å lage møteplassar

Årets TV-aksjon har tittelen «Mindre alene sammen». Nå oppfordrast kommunane til å hjelpe innbyggjarane til å kome saman.

Saman og ikkje åleine: Dei oppfordrar kommunane til å gjere noko for å skape fleire møteplassar. F.v.: Espen Østvold Rølla (fylkeskoordinator TV-aksjonen), Nina Vaage (fylkesdirektør NAV Oppland), biskop Solveig Fiske, Vivian Andersen (NAV Oppland), Aud Hove (fylkesleiar KS Oppland) og Wiggo Slåttsveen (fylkesaksjonsleiar TV-aksjonen.)   Foto: Privat

Nyheter

Det er fylkesleiar i Kommunenes sentralforbund, Aud Hove, fylkesdirektør NAV Oppland, Nina Vaage og biskop i Hamar bispedømme, Solveig Fiske som nå går samen om å skape ein «fellesskapsdugnad» for å gjere folk mindre einsame.

– TV-aksjonen inspirerer til å styrke fellesskao mellom oss, til å jobbe for eit varmare og meir inkluderande samfunn. Åpne dører til felles møtepunkt gir fellesskap og tilhøyre, seier Fiske.


– De får ikke servert «Grandis» her!

For tredje året på rad tilbys unge voksne middag til en rimelig penge på Vinstra. Tilbudet er spesielt populært blant elever på videregående – også blant dem som bor hjemme.

 

Å høyre til

Nå ber dei kommunane om å skape arenaer for å møtast, gjerne i samarbeid med andre, som sokneråd, frivilligsentralen, eller ungdomsråd.

– Langbord på kommunehuset, helsestasjonen, idrettshallen, sjukeheimen, eller ute i gata. Inviter til møter, samtalar og måltidsfelleskap før innsamlingsaksjonen, oppfordrar dei. Aksjonen skal vere 21. oktober.

– Det skjer noko i møte med menneske. Stikk innom naboen, inviter på ein gåtur, eller kveldsmat. Vi treng alle å høyre til, og det er du og eg som må sjå til at vi gjer det, seier Hove.