Fann sjeldan immigrant på Vinstra

Observante elevar i 5. klasse ved Barhaug skule på Vinstra fann denne veka ein ukjent skapning i graset.

Flygar: Nattsvermaren er ein kraftfull flygar, og han kan like gjerne flyge til Finnmark som til sørlandskysten når dei dreg ut på langtur.  Foto: Svein Bekkum

Nyheter

Og immigranten var ein stor, grå nattsvermar. Ekspert Svein Bekkum vart kontakta, for om mogleg å gje elevane meir informasjon.

– Ut i frå bileta eg fekk, så kunne eg ane at det måtte vera ein Vindelsvermar - Agrius convolvuli, fortel Bekkum.

Sjeldan gjest: Elevane i 5. klasse oppdaga den sjeldne gjesten, Vindelsvermaren, ute i skulegarden tysdag. Vakne elevar brukte tid på å studere immigranten nærare.   Foto: Svein Bekkum

 

Kjem sørfra

Han vart så nysgjerrig på denne immigranten at han tok turen til skulen for å undersøkje nærare.

– Vindelsvermaren tilhøyrer familien «tussmørkesvermarar». Den finst over heile den vestlege halvkule, særleg i tropiske og subtropiske strøk. Denne arten finst altså ikkje som reproduserande art i Noreg; den dukkar opp nesten årleg, ytterst få, som ein immigrant på varme vindar sørfrå, fortel Bekkum.

Skapningen låg i graset, men vart redda av nokre elevar.

– Eit par jenter som fann den på graset, «redda» den ved å plassere den i ei buske. Der vart den godt påpassa. Eg kontakta Svein om hjelp til namn. Han kom og fekk den overlevert av nokre 5.klassingar og ein førsteklassing, fortel lærar Bente Brustuen Bråten.

- Stas å sjå

Nattsvermaren er ein kraftfull flygar, og han kan like gjerne flyge til Finnmark som til sørlandskysten når dei dreg ut på langtur.

– Det var stas å sjå den store og imponerande sommarfuglen, og moro å tenkje på at den har tilbakelagt store distansar for å ende opp her på Vinstra.

Kraftfull flygar: Vindelsvermaren har tilbakelagt lange distansar, gjerne over ope hav, for å ta seg til Vinstra.  Foto: Svein Bekkum