Arbeidsrettsak Rondablikk:

Måtte bistå MRSA-smitta kvinne etter abort

Marianne Grodås vitna i retten onsdag om trugsmål, at ho sjøl måtte foreta helseundersøkingar og om stadig redsel for smitte da hotellet plutseleg sto midt i flyktningekrisa hausten 2015.

Arbeidsrettsak: Onsdag forklarte partane og tre vitne seg i saka mellom ein tidlegare arbeidstakar og eigarar og drivarar av Rondablikk. Saka gjekk på Lillehammer tinghus onsdag og torsdag.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Arbeidsrettsaken Lars Steffen Domaas anlagt mot eigarar og driftsselskap på Rondablikk, blir avslutta i Lillehammer tinghus torsdag. Onsdag var det tid for partsforklaringar, og ut over ettermiddagen vitneforklaringar. Rettsaken avsluttar torsdag med sluttprosedyrer.

Måtte opptre som helsearbeidar

Onsdag skulle etter plana seks vitne forklare seg, men det vart til slutt tre vitnemål i rettsakens andre dag. Alle tre var ført opp frå saksøkjar si side, og fyrst ut var hotellsjef på Rondablikk den gongen, Marianne Grodås.